Nytt frå kommunedirektøren 22. mars 2024

Sommarjobb for ungdom. Sanna var utplassert på Sunnfjord rådhus. Sunnfjord må gjennomføre ei naudsynt omstilling. Landslova etter Magnus Lagabøte – fest på Ålhus. Tenestetorget sine opningstider i påska.

Ung jobb - sommarjobb for ungdom 15 - 17 år

Sunnfjord kommune ønsker å syne at vi satsar på ungdommane våre. Kommunen har derfor sidan 2021 hatt tilbodet Ung jobb. Gjennom tilbodet får ungdom i alderen 15 -17 år tilbod om 14 dagar sommarjobb. Målet er å gje ungdommane arbeidserfaring, samt syne fram dei flott moglegheitene dei har for jobb innan eigen kommune. Det kan vere viktig for å få ungdom til å etablere seg i kommunen og for framtidig rekruttering.

Rundt 300 ungdomar søker kvart år jobb gjennom Ung jobb, og vi har hatt omlag 60 jobbar disponibelt. Kommunen har som mål at minimum 20 av jobbane skal vere innan kommunale einingar. Vi har til no i år fått inn nokre jobbar innan kommunale einingar, men treng fleire.

Eg oppfordrar derfor alle einingar i kommunen om å gje ungdom tilbod gjennom Ung jobb..

Vi håper mange ungdomar kan få tilbod innan dei kommunale einingane, men vi har også fått prosjektmidlar, som vi vil nytte for samarbeid med det private næringslivet.

Det er sett ned ei arbeidsgruppe som tek seg av utlysing, intervju, og tilsettingsprosedyrar. Ungdommane får også tilbod om eit kurs, der det mellom anna vil vere fokus på haldningar og forventningar i høve arbeidslivet.

Dei aktuelle vekene for sommarjobb er veke 26- 27 og 32 – 33, men dette kan tilpassast ved behov.

Utplassering på Sunnfjord rådhus

Sanna på utplassering - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Denne veka har vi hatt hyggeleg besøk av Sanna på Sunnfjord rådhus. Ho er elev på 9. trinn på Førde ungdomsskule og har vore utplassert på rådhuset i tre dagar. Ho har vore innom fleire av stab- og støtteeiningane våre, deriblant tenestetorget, informasjonsavdelinga, kommuneadvokaten, digitaliseringsteamet, personal, arkivet og fagutvikling. På torsdag fekk ho også vere med på kommunestyremøtet. Ho fortel at ho har lært om korleis vi arkiverer, korleis vi jobbar med klart språk, informasjon og digitalisering, korleis kommunestyremøtet blir gjennomført og kva kommuneadvokatane gjer.

Ho likte veldig godt å sitte i resepsjonen og hjelpe innbyggarane som kom inn på rådhuset. Ho fekk også teste dei nye VR-brillene. Dei skal brukast i skulesamanheng, der elevane til dømes kan øve på å halde presentasjonar framfor ein virtuell klasse. Ho fortel at det har vore kjekke, varierte og lærerike dagar!

Vi går mot ei naudsynt omstilling

I går var det kommunestyremøte. Der gjekk eit samrøystes kommunestyre inn for ein innsparings- og omstillingspakke på til saman 205 millionar kroner. Det betyr at kommunen innan 2032 skal spare 121 millionar og omstille for 84 millionar kroner.

No har kommunestyret bestemt omfang og kor mykje vi skal spare og omstille. Det vidare arbeidet no vil handle om korleis og kva vi skal omstille og spare på.

Men først, kvifor må vi gjere dette?

Det er tre hovudgrunnar. Kommuneøkonomien vert strammare og Sunnfjord kommune si drift er for høg. Om vi ikkje gjer noko vil utfordringane om nokre få år, vere mykje vanskelegare å handtere. Den andre årsaka er demografi. Langt fleire eldre og langt færre yngre. Når staten gir pengar til kommunane ser dei på folketalet generelt og fordelinga i aldersgrupper spesielt. Det betyr at vi får langt mindre til barnehage og skule og meir til helse og omsorgstenester for eldre. Samla sett får vi likevel mindre og kommunen må difor omfordele kroner for å kunne gi gode tenester til dei som bur i kommunen vår. Dersom vi ikkje gjer desse to tiltaka, innsparing og omdisponering, vil vi heller ikkje kunne bli opplevd som attraktive for nye arbeidstakarar. Vi må difor gjere dette for å kunne vere med å sikre naudsynt kompetanse i framtida. Det er den tredje grunnen til at vi må spare og omstille kommunen.

Det er ingen krise i Sunnfjord kommune no. Vi driv eigentleg godt med over 2 300 dyktige tilsette. Utfordringa er om vi ikkje gjer noko no. Då kan utfordringane bli så store at vi vil slite med den vanlege drifta vår.

Omstilling vil handle om å flytte pengar på ein slik måte at ressursbruken vil spegle alderssamansettinga i kommunen. Innsparing vil handle om å ta ned den generelle drifta av kommunen. Det seier seg sjølv at vi vil ikkje klare det med generelle kutt i tenestene sine budsjett. Det vil bli naudsynt med strukturendringar i kommunen. Det vil såleis handle om tal skular og barnehagar, institusjonar for helse og omsorgstenester og liknande strukturgrep. Vi kjem ikkje utanom det.

Men, samstundes skal vi utvikle kommunen vår. Vi skal realisere nye tiltak. Vi må heller ikkje gløyme dei positive tiltaka som alt er i gang. Frisksenteret i Naustdal, Nye Sande skule, Astruptunet, nye uteområde til skular og mykje meir.

I dette omstillingsarbeidet vil både administrasjonen og dei folkevalde legge vekt på å informere så godt som mogleg. Det gjeld informasjon til både tilsette og innbyggarane i kommunen. Brukarar av velferdstenesteneste våre er ei spesiell målgruppe i så måte. Vi vil også skipe til eigne møter med Nærmiljøråda. Vi vil i vekene som kjem difor legge ein plan for korleis vi kan gjere dette kjend for alle innbyggarane i kommunen. Sjølvsagt vil brukarmedverknad og involvering stå sentralt i prosessen.

Landslova etter Magnus Lagabøte – fest på Ålhus.

Illustrasjon Magnus Lagabøte - Klikk for stort bilete

Torsdag fekk kommunestyret orientering om Sunnfjord kommune sine planar for jubileumsmarkeringa av Landslova etter Magnus Lagabøte, eller Magnus den milde som dei kalla kongen i hans levetid. Landslova av 1274 sette rett framfor makt og skreiv fram grunnmuren i det gode samfunnet vi får leve i, den dag i dag.

Vår fremste rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde er mellom dei som meiner at Audun Hugleikson frå Ålhus førte lova i pennen. Han vil fortelje meir om både lova og lovskrivaren når vi kler heile Ålhus i festskrud og inviterer til folkefest siste helga i september. Til jubileumsåret vert det utvikla eigne emblem og dekorelement med utgangspunkt i Audun Hugleikson og symbola i våpenskjoldet hans. Symbolikken fortel om fruktbarheit, styrke, truskap, styrke, rettferd og håp, då som no.

Både gjennom folkefesten på Ålhus og jubileumsprogram elles i året vil vi utforske middelalderhistoria vår og reflektere over korleis vi tek vare på og vidarefører verdiane lova byggjer på. Skulane og biblioteka våre, lag, organisasjonar og kulturlivet elles vil bli involverte i fleire program og tilbod, men allereie no vil vi særleg oppmode om å setje av siste helga i september for ein rikhaldig jubileumsfest på vår eigen tusenårsstad på Ålhus!

Tenestetorget – opningstider i påska

I påskeveka 25.–27. mars er tenestetorget i Naustdal og på Skei stengt. Tenestetorget i Førde har ope måndag og tysdag kl. 10.00–14.00. Onsdag held vi stengt.

Du finn informasjon om opningstider og vakttelefonar på nettsida vår

Plan for helga og påska?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga og påska til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

 

Med ønskje om ei god helg og påske til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør