Nytt frå kommunedirektøren 2. juni 2023

I neste veke får vi besøk frå Polen. Seinare i juni er det aktivitetsveke for barn og unge i Viksdalen. Ta del i kulturnatt i Førde. Førde kan bli arrangørby for Yrkes-NM 2024. Korleis gjekk det eigentleg i Helse Førde-stafetten?

Besøk frå Polen. Fem personar sit framme i salen, med fleire plakatar med informasjon om OPOCZNO 2.0,bak. - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Besøk frå Polen

Sunnfjord kommune starta hausten 2022 eit samarbeid om utvikling av gode lokalsamfunn saman med Opoczno kommune i Polen. Tema for samarbeidet er næringsutvikling, kultur og identitet, og klima. Prosjektet er ein del av EØS avtalen som Norge har med EU.

Søndag tar Sunnfjord kommune imot ein delegasjon på 7 representantar frå Opozcno. Tema for turen er næringsutvikling og det er naturleg for oss å vise til modellen for næringsutvikling i regi av Sunnfjord utvikling. Orientering om oppstartsbedrifter, rekruttering, U40 er noko av det vi vil vise. Vi vil også presentere kva som går føre seg av aktivitet på Campus-verftet. Her vil prosjektet om foredling av slam frå reinseanlegget vere interessant og som har fått stor merksemd.

Landskapet rundt Opozcno er særleg eigna for jordbruk, der det ligg på svære, flate landskap. For oss er det naturleg å vise dei landskapet vårt, prega som det er av fjordar, fossar, isbre, og fjell. Så må vi sjølvsagt vise fram Astrup sitt rike og tunet hans.

Aktivitetsveke i Viksdalen

I tida frå måndag 26. juni til fredag 30. juni vert det arrangert aktivitetsveke i Viksdalen. Det er Viksdalen IL og Viksdalen nærmiljøråd som står bak dette flotte gratistiltaket for barn og unge.

Eg gleder meg over aktive nærmiljøråd som gjer det beste for innbyggarane i Sunnfjord. Det er nettopp slike aktivitetar som er med på å gjere Sunnfjord til den kommunen vi vil ha. Gode tilbod enten du bur i Førde, Vevring, Sunde, Viksdalen, eller ein annan stad i kommunen.

Grunnen til at eg tar dette med i brevet i dag er fordi det er ein påmeldingsfrist: 11. juni. I fjor var det ein stor suksess for fastbuande og tilreisande barn og unge.

Det er no opna for påmelding og du kan gå inn på Facebook-sida: "Det skjer i Viksdalen" om du ønskjer meir informasjon om aktivitetsveka. Eg ønskjer arrangørane lykke til med arrangementet.

 

Bilde av musikkkorps og publikum utanfor Sunnfjord rådhus. - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Er du klar for ei kulturnatt i Førde?

Som eg skreiv ovanfor; eg gleder meg over det som vert arrangert for fellesskapen, uansett kor du bur i kommunen. 9. juni vert det ei ny kulturnatt I Førde, mi fyrste.

Då kan du oppleve buskspell, badstove og black metal, kunst, kor og korps, film, fløyte og folkemusikk. Nær 300 er i sving på same tid, i Førde, i sommarkvelden og byr på gratis opplevingar.

Fleire arrangement går på same tid og du må velje kva du skal få med deg. Vi har arrangement på kunstmuseet, Førdehuset, kyrkja, Larris, Rådhusplassen, Viking, Torgscena – ja, rundt overalt. Les programmet og velg ut di løype! Pprogram for kulturnatt i Førde 2023.

Eg innser tidleg pyjamas torsdagskvelden. Ser eg deg fredagskvelden?

Førde er kandidat til å arrangere Yrkes-NM i 2024

Igjen har vi moglegheita til å sette regionbyen på kartet. Vi tevlar gjerne med Oslo om å arrangere Yrkes-NM neste år.

Det kan vi fordi vi har eit dynamisk og sterkt arbeidsliv. Med ny vidaregåande skule i Førde med plass til over 1000 elevar innan yrkesretta- og teoretiske fag, får vi samlokalisering av ein stor utdanningsinstitusjon like ved Campus Verftet. Det bygger ned skiljet mellom yrkesfag og teoretiske fag, noko som har vore eit kunstig skilje lenge for næringslivet.

Saman med Høgskulen på Vestlandet, Fagskulen i Førde, Sunnfjord folkehøgskule og den vidaregåande skulen, er Førde ein sterk og attraktiv skule- og studiestad på Vestlandet. Sjølvsagt kan vi arrangere eit Noregsmeisterskap.

Rapporten «Vekstregionen Sunnfjord» som PwC utarbeidde i 2022, viser at det er planar om investeringar på 24 milliard kroner i Sunnfjord fram mot 2033. Hovudgrunnen er at det går veldig godt i næringsliv og offentleg sektor i Sunnfjord, og det vert jobba godt politisk med store nærings- og samferdselssaker. Næringslivet har fått auka etterspurnad og leverer gode resultat, samstundes som vi har fått mange nye og lovande gründerverksemder. Det vert etablert fleire statlege arbeidsplassar og mange store offentlege investeringar er under gjennomføring eller planlegging.

Aktiviteten i byggenæringa er stor i Sunnfjord kommune. Derfor er vi opptekne av å ha ei sterk satsing på yrkesfaga. Sunnfjord kommune er med på den viktige satsinga på Campus Verftet saman med Høgskulen på Vestlandet, Fagskulen på Vestlandet og Vestland fylkeskommune som driv den vidaregåande skulen. Dette fellesskap utviklar nye løysingar innan robotikk, automasjon, elkraft, bygg og helseteknologi, og kan tilby eit særs spennande miljø for innovasjon og utvikling.

Eg er samd med ordføraren i at Sunnfjord kommune er godt eigna til å vere vertskommune for Yrkes-NM i 2024. Vi er også svært glade for den sterke støtta Førde har fått frå Vestland fylkeskommune for å vere vertskapsby for eit Yrkes-NM 2024. Vi kryssar fingrane!

 

Seks personar på stafettlaget: Rådhuset Mix - Klikk for stort bileteStafettlaget Rådhuset Mix kom på 13 plass Sunnfjord kommune

Korleis gjekk det i Helse-Førdestafetten?

I Nytt frå kommunedirektøren førre fredag skreiv eg om NAV som låg i hardtrening. 10 lag tok utfordringa frå kommunedirektøren!

Heile 10 lag stilte frå Sunnfjord kommune i årets Helse Førde Stafett! I det flotte veret la alle dei 60 kommunetilsette ned ein super innsats for laget sitt og rundt løypa stod ivrige kollegaer og heia dei fram. «Kjekt å vere med», «Fint å gjere dette saman med gode kollegaer» og «heiarop frå kollegaene hjalp godt på» var nokre utsegn frå deltakarane etter vel gjennomført stafettløp.

Vassenden skule kom på 11. plass i bedriftsklassen av totalt 59 lag og var best av Sunnfjord kommune sine lag. Gratulerer til dei!

 

 

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66