Godt gjennomført stortingsval
Stortingsvalet 2025 er over og valgjennomføringa har i det store og heile gått veldig fint. Valstyret og kommunedirektøren vil nytte høvet til å takke alle tilsette som har bidratt i førehandsstemmeperioden og på valdagen. Takk for flott innsats for å gjennomføre eit trygt og sikkert val i Sunnfjord kommune.
Valgjennomføring er ei stor arbeidsoppgåve for kommunen. Vi har hatt førehandsstemming på 17 ulike stader og om lag 35 tilsette har vore involvert i valarbeidet i denne perioden. På valdagen hadde vi ope i 8 ulike vallokale, der totalt 130 tilsette tok imot veljarar som ville stemme og gjennomførte oppteljing av stemmesetlane i etterkant.
Det er eit stort apparat som er i sving for å gjennomføre valet, og det kan skje feil. Ved dette valet fekk vi to klager. Valstyret har behandla desse og sendt dei vidare til Riksvalstyret i tråd med reglane i vallova.
Ved stortingsvalet i år var det 16 417 personar med stemmerett i Sunnfjord kommune, og 82,3 % av dei nytta stemmeretten sin. Det er ei veldig god valdeltaking!
61,3 % av dei som stemte, gjorde det i førehandsperioden. Til neste val må vi vurdere ressursbruken på valdagen opp mot trenden som viser at stadig fleire stemmer på førehand.
Sjå meir statistikk om valresultatet i Sunnfjord kommune
Leik for alle - eit inkluderande skulemiljø i praksis
Det gjer meg stor glede å dele eit inspirerande døme på korleis vi i Sunnfjord kommune jobbar for å skape gode og inkluderande kvardagar for barn og unge. Ved Førde barneskule har dei gjennom skuleåret 2024/25 utvikla prosjektet «Leik for alle» – eit tiltak som kombinerer aktivitet, ansvar og fellesskap i skulegarden.
Prosjektet består av tre hovuddelar:
- Lånebod – Elevane kan låne leikar og utstyr i friminutta, og det er elevane sjølve som har ansvar for drift og orden. Dette har ført til meir aktivitet, mindre konflikt og større eigarskap til skulemiljøet.
- Time Out – Ei fast nyheitssending i klasseromma kvar veke, der elevar og tilsette deler informasjon, utfordringar og humor. Dette styrkjer fellesskap, respekt og inkluderande kommunikasjon.
- Aktivitetsleiarar – Elevane kan søke jobb som leiarar for leik og aktivitet i friminutta. Dette gir tryggleik og struktur for dei som treng det, og byggjer vennskap på tvers av klassar og alder.
Prosjektet er eit strålande døme på korleis vi arbeider for å betre folkehelsa for alle elevane og lærarane på Førde barneskule, som igjen vil vere med å skape grunnlag for inkludering, samhald og fellesskap.
Digital heimeoppfølging i Skei Heimeteneste
Sunnfjord kommune er vertskommune i eit prosjektarbeid saman med Stryn, Sogndal og Luster der vi skal ta i bruk digital heimeoppfølging (DHO) som ein måte å tilby helsetenester på.
Skei heimeteneste har prøvd ut DHO i over eit år no, og har gradvis fått fleire pasientar. I tillegg til å ta det digitale verktøyet i bruk. I eiga eining har sjukepleiarane i heimetenesta ansvar for dei pasientane kommunen samhandlar med Helse Førde om. DHO kan vere særleg nyttig for personar med kroniske sjukdomar som treng ein del oppfølging, råd og rettleiing. I dag samhandlar vi med sjukehuset om DHO til pasientar med kols og hjartesvikt.
Frå i sommar er Skei heimeteneste oppfølgingsteneste også for personar med kols og hjartesvikt frå dei tre andre kommunane i prosjektet. Ei ordning med felles oppfølgingsteneste som skal evaluerast seinare i haust.
Les meir her om kva digital heimeoppfølging eigentleg er
Opning av ny ungdomsklubb i Førde

Onsdag denne veka fekk eg følgje ordføraren til opninga av det nye lokale til ungdomsklubben i Førde. For eit lokale. Der har dei fått det fint. Dei unge dansarane har fått eit nytt flott treningslokale. Det same har dei som driv med dataspel, bordtennis, musikkinstrument, eller dei som ønskjer å stikke innom, sette seg ned og slappe av. Det er nye flotte lokale til alle.
Eg hugsar ungdomsrådet i fjor sitt engasjement for ungdomsklubbar generelt og nye lokale spesielt. Onsdagen var ei stadfesting på at det å engasjere seg i lokalpolitiske saker, løner seg. Også for dei unge. Utan dei unge si mobilisering i denne saka, trur eg det hadde gått lengre tid for å få dette på plass. Gratulerer – og lykke til i dei nye flotte lokala.
Plan for helga?
Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktiviteskalenderen iden nye innbyggarappen
Terje Heggheim
Kommunedirektør