Nytt frå kommunedirektøren 18. oktober 2024

Overskrifter denne veka: Den store dugnaden. Innflytting i Frisksenteret. Dagsturhytta i Viksdalen. Tilsyn i heimetenestene.

Den store dugnaden

Denne helga er det klart for den store folkedugnaden, TV-aksjonen. Pengane går i år til Barnekreftforeninga, og kommune har mange aktivitetar for å bidra til denne innsamlinga. 

Annakvar dag får eit born i Noreg kreft, og kvar veke blir 11 born fødde med hjartefeil. Når eit born blir alvorleg sjuk, råkast heile familien. For pengane frå TV-aksjonen skal Barnekreftforeninga etablere familiehus i nærleiken av universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Oslo og Bergen. Her skal born med alvorleg sjukdom og deira familie lett kunne bevega seg mellom sjukehuset og familiehuset. På den måten kan heile familien vere samla, finne ro og leve eit meir normalt kvardagsliv i ein vanskeleg situasjon.   

Det er godt å sjå at det i Sunnfjord alt er god oppslutnad om innsamlinga. Næringslivet var først ute. Dei har alt hatt sin årlege ringedugnad, og det blei samla inn rekordhøgt beløp, 460 000 kroner. Applaus. 

I Sunnfjord har mange skular dei siste åra laga seg tradisjon for aktivitetar som stafett og basar til inntekt for TV-aksjonen. At borna får høve til å saman bidra til eit større føremål er viktig lærdom og minnerike erfaringar, tenker eg. 

Denne helga vil du møte medlemmar frå Sunnfjord kommunestyre og nærmiljøråda på stand ved ulike lokale handelspunkt rundt om i kommunen vår. Og du, vil du ha middag med meining, så tar du søndagsmiddagen på Skei Servicenter der går overskotet av dagensmiddag til Barnekreftforeninga.  

TV-aksjonen sitt vippsnummer: 2133  og kontonummer: 8380 08 09005 

Sjå kor mykje som er samla inn i Sunnfjord 

Innflyttinga i Frisksenteret har starta  

Bilde viser eit av møteromma i Frisksenteret - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Denne veka starta innflyttinga av dei tenestene som skal inn i dei to nyoppussa bygga. Innflyttinga vil skje over 2 veker, veke 42 og 43. Frå veke 44 håpar vi at alle tenestene er klar for å kunne ta i mot innbyggarane i Naustdal. Vi har til no kalla bygga for Frisksenter/Friskhus/bankbygget/kommunehuset. Det vil vere på tide å bestemme oss for eit endelege namn, så det er flott visst vi kan få inn forslag til namn på bygga. Formell opning av bygga vil skje i løpet an november, dato vil bli annonsert seinare 

Dagsturhytta på Viksdalen  nærmar seg opning

Bilde viser dagsturhytta i Viksdalen under arbeid - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Opning av dagsturhytta er planlagt av Viksdalen Idrettslag til laurdag 9 november kl 10:30. 
Alle som kjem kan i etterkant kome på Viksdalsmarknaden som varer gjennom helga. 
 
 

Meir info kjem på www.facebook.com/elskarViksdalen 
 

Tilsyn i heimetenestene 

Tilsynet vart gjennomført som del av eit landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn. Heimetenestene i Sunnfjord kommune er delt i seks einingar.  Tilsynet vart gjennomført med to av dei, Naustdal heimeteneste og Førde heimeteneste eining 2. Statsforvaltaren peiker på følgjande: 

Her fekk vi eit læringspunkt. Statsforvaltaren meiner kommunen i enkelte tilfelle ikkje sørger for at handtering og oppfølging av alarmar, og varsel frå elektronisk medisindispenser, vert utført slik at pasientane alltid får utdelt medisinane sine til fastsett tid.   

Statsforvaltaren ber oss om å rette spesielt opp i at alle tilsette har ei felles forståing for utrykkingstida når ein får varsel/alarm om; «medisin ikkje tatt» frå dispenseren. Dei aller fleste får medisinen sin til rett tid, men så skjer det avvik der vi ikkje har rykka ut i tide, det vil seie gløymt å handtere varselet frå dispenseren til vaktmobilen, eller ikkje forstått kva varselet har gått ut på. 

Einingsleiarane vil no gjere endå betre kjent rutinane for slike varsel til liks med tryggleiksalarm-varsla til sine tilsette. Vidare vil vi sørge for at desse alarmane går inn til vårt felles responssenter slik dei tilsette vert minna på kvar 3 minutt om dei ikkje har kvittert ut alarmen i appen, og alarmsentralen vil til slutt ringe om ein ikkje har kvitterer ut etter 6 minutt. I tillegg vil einingsleiarane no påpeike at vi må og verte flinkare til å dokumentere slike varsel endå betre i pasientjournalane. Eg syns det er kjekt å høyre at alle brukarane og deira pårørande som vart intervjua under tilsynet, var fornøgd med medisindispenserane sine.  

Eg føler meg trygg på at alle dei dyktige tilsette i heimetenestene følgjer dette opp på ein god måte! 

Plan for helga? 

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje.  Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen! 

 

Terje Heggheim 

Kommunedirektør