Nytt frå kommunedirektøren 17. oktober

Overskrifter denne veka: Takk til VM-arrangøren.  TV-aksjon i helga. Einingsleiarsamling. Lokalt lønsoppgjer i hamn. Nye tilskotsmidlar til kommunen. Folkeverkstaden opna.

Takk til VM-arrangøren

Under formannskapet sitt møte i går var VM-arrangøren invitert.  Ordførar Jenny Følling heldt ein flott takketale til arrangøren.  Ho la stor vekt på korleis arrangementet vart gjennomført på ein måte som alle opplevde som profesjonelt. Ho rosa ein liten stab på fire medlemer som organiserte over 800 frivillige. 

Takka også dei frivillige sunnfjordingane som stilte opp desse dagane.  Stian Grimset og Nils R Sandal helsa formannskapet og takka for merksemda.

Ordførar og VM komiteen - Klikk for stort bilete

  

TV-aksjon i helga 

Sunnfjordingane har god kultur for dugnad og å jobbe i lag for gode føremål. Dette kjem også tilsyne gjennom den årlege dugnaden for TV-aksjonen. Det er fint å sjå kor godt både voksne og barn jobbar i lag for å hjelpe menneske som på langt nær har same moglegheiter som vi sjølve.

I år skal pengane sørge for at naudhjelp kjem fram til funksjonshemma, og at 200 000 menneske med funksjonsnedsettingar og familiane deira i Palestina, Ukraina, Etiopia, Nepal, Tanzania, Uganda og Zambia får eit betre liv. Her i Sunnfjord har skulane gjennomført skuleløp og basarar, næringslivet har hatt ringedugnad og ressurssenteret har hatt vaffelsal.

No i helga kan du treffe folkevalde og nærmiljøråd rundt om på ulike handelspunkt i kommunen med bøsser og klar oppmoding om å bli med å støtte årets viktige føremål



Einingsleiarsamling i Førdehuset

I dag har vi samla alle einingsleiarane, tillitsvalde og vernetenesta i Førdehuset.  Kommunen står i ein krevjande situasjon med innsparinga, omstilling og organisering.  Leiarane i kommunen har difor behov for å møte kvarandre for å drøfte ulike sider av alt vi no arbeider med.

Tema på samlinga var blant anna vi kan jobbe for å styrke omdømet til kommunen.  Vi var innom den økonomiske situasjonen, endringsleiing.  Vi fekk også ei orientering frå direktør Arve Varden om korleis Helse Førde arbeider med innsparing og omstilling.  
Øyvind Glosvik sat fokus på korleis leiarar står i endringsprosessar.

sal med personar - Klikk for stort bilete

 

Lønsoppgjeret i hamn

I går kveld kom vi i hamn med det lokale lønsoppgjeret i Sunnfjord kommune,  Dei som ikkje har fått kunnskap om ny lønsplassering, vil få informasjon måndag i neste veke.

Eg vil takke arbeidsorganisasjonane i kommunen for gode forhandlingar.  Som regel har dei tilsette sine organisasjonar sine prioriteringar.  Det same har arbeidsgjevar.  I forhandlingar gjeld det å kome fram til eit resultat som begge partar kan gå for.  Det gjorde vi torsdagskveld og det er eg som kommunedirektør glad for.

Slike forhandlingar kan vere krevjande.  I ein organisasjon med mange tilsette, er det mange lister og oversikter som må fram og dokumenterast for at partane har same og rett grunnlag.  I så måte vil eg takke personalavdelinga for både gjennomføringa, men ikkje minst; den gode førebuinga av forhandlingane. Takk!


Sunnfjord kommune har fått nye tilskotsmidlar 

Det er med stor glede eg kan dele at Sunnfjord kommune har fått tildelt 250 000 kroner i tilskot til prosjektet «Gjer noko aktivt, saman og meiningsfullt – ABC i Sunnfjord». Dette er ei anerkjenning av det viktige arbeidet vi gjer for å fremje psykisk helse og livskvalitet i heile kommunen – for alle innbyggarar, i alle aldrar.

ABC står for «Act – Belong – Commit», eller på norsk: Gjer noko aktivt, saman og meiningsfullt. Det er ein enkel, men kraftfull metode for å styrke den psykiske helsa gjennom kvardagslege aktivitetar, fellesskap og engasjement. Dette handlar ikkje om store tiltak, men om dei små vala vi tek kvar dag - å gå ein tur, delta på ei fritidsaktivitet, vere frivillig, eller berre ta ein kopp kaffi med ein nabo.

Med dette tilskotet skal vi:

  • Gjere ABC godt kjent i heile kommunen, gjennom informasjon, samarbeid og synlege kampanjar.
  • Utvikle inkluderande lågterskeltilbod som alle kan delta i – uavhengig av alder, bakgrunn eller livssituasjon.
  • Bygge vidare på det gode arbeidet som allereie skjer i lag, organisasjonar og nærmiljø – og knyte det saman gjennom ABC-metodikken.
     

Vi har ein god plan for implementering, og arbeidet startar allereie våren 2026. Dette er ikkje berre eit prosjekt – det er starten på ei felles reise mot eit varmare, meir inkluderande og helsefremjande Sunnfjord.

Eg vil takke alle som har bidrege til at vi fekk denne tildelinga, og eg vil oppmode alle innbyggarar: Bli med! Gjer noko aktivt. Gjer det saman. Gjer noko som gir meining. Saman skapar vi eit Sunnfjord der alle kan kjenne seg heime og ha det godt – både fysisk og psykisk.

Folkeverkstaden opna 

Folkeverkstaden opna dørene torsdag 16. oktober!
Etter lang ventetid får Førde og Sunnfjord kommune endeleg sin eigen faste verkstad for tekstil, saum og reparasjon – ein plass for alle som vil lære, skape og dele kunnskap.

Verkstaden er det første steget i eit større samarbeid mellom Sunnfjord kulturskule, Sunnfjord bibliotek og Førdehuset, og er del av Handverksløftet i samarbeid med Naturvernforbundet, Midtre Sunnfjord Husflidslag og Kunstnarsenteret. Prosjektet er støtta av Sparebankstiftelsen DnB og midlane er tildelt frå Norsk kulturskoleråd.

Etter opninga kan alle som ynskjer det ta verkstadene i bruk. Verkstad for keramikk/måling og verkstad for trearbeid vert opna i løpet av hausten og vinteren.
I tida framover blir det opne kurs, verkstaddagar og moglegheit for privatpersonar å booke bruk av verkstaden via Aktiv kommune, ev ta kontakt med biblioteket. I samarbeid med lag og organisasjonar vil det utover hausten og vinteren komme mange spanande kurs og aktivitetar i desse lokala.
Velkomne til å ta del i bærekraftige og kjekke aktivitetar!

Fleire personar - Klikk for stort bilete

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

 

Terje Heggheim
Kommunedirektør

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
Telefon 91 10 12 66