Nytt frå kommunedirektøren 17. november 2023

Overskrifter denne veka; Vil du vere med å skape jul for andre? Jølster helselag og 9. klassingar utbetrar sansehagen på Skei omsorgssenter. Stien til Nordheia vert utbetra. Kommunen er med i nytt utviklingsprosjekt saman med Malawi. Kven er eg i slekt med, og kvar er røtene mine? Historia om Førde er komen. Sosial strikkeglede på Vassenden- og i heile kommunen. Møte med Førde idrettslag. Ein refleksjon før helga.

Vil du vere med å skape ei flott jul for andre?

Sunnfjord kommune vil ha ein mangfaldig frivillig sektor som blomstrar på eigne premissar og bidrar til meiningsskapande fellesskap. Vi vil ha godt samarbeid for å skape engasjement, gode lokalsamfunn, tenester og tilbod til innbyggjarane. Saman blir vi jo drivande gode. Det skal vere låg terskel for å bidra som frivillig i dei kommunale tenestene, og dei frivillige skal kjenne seg kompetente og trygge i det frivillige arbeidet. Det er mange som stiller opp som frivillig og vi har alltid plass til fleire. 

Visste du at vi arrangerer julefeiring for dei som ikkje har nokon å vere saman med på julekvelden? Saman med kyrkja i Sunnfjord arrangerer vi julefeiringa i kyrkjelydshuset. Ein flott måte å feire jul på og samtidig gjere ein forskjell. Har du lyst til å bidra i år og vere vertskap?

Vi set stor pris på alt arbeid som blir utført av frivillige kvart år og tradisjonen tro vil vi feire alle frivillige med å invitere til festmiddag tysdag 28.11.23 kl 18.00 

Arbeidar du som frivillig? Vi håpar å sjå deg! Tips gjerne vidare om du kjenner nokon som gjer ein frivillig innsats.

Jølster helselag og 9. klassingar utbetrar sansehagen ved Skei omsorgssenter

Bilde av tre ungdommar som utbetrar sansehage på Skei omsorgssenter - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Jølster Helselag har søkt om og fått tildelt midlar for utbetring av Sansehagen ved Skei Heimeteneste og Skei Omsorgssenter. Vi har fått midlar til å sette opp vedskjul og redskapsbod med meir slik at Sansehagen kan nyttast endå meir av både bebuarar og pårørande.

No er 9.klasse med Arbeidslivsfag på Skei Skule i ferd med å sette opp skjul og bod. Eg tenker; for ein ungdom - og tusen takk til Jølster helselag!

Oppgradering av stien til Nordheia

Bilde av to menn som utbetrar stien til Nordheia - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Sunnfjord kommune har samarbeida tett med Indre Sunnfjord Turlag for å få realisert oppgradering av stien til Nordheia.

Turen til Nordheia er om lag 2 km, relativt lettgått og er blitt veldig populær dei siste åra. Stien har ofte vore våt og gjørmete, og dette resulterte i at det vart mykje slitasje på naturen.

Eininga Idrett og friluftsliv har vore på mange synfaringar, saman med grunneigar og turlaget for å kunne planlegge oppgradering og nødvendige tiltak. Mykje av arbeidet med oppgradering av stien vart utført med ein imponerande dugnadsinnsats av Indre Sunnfjord turlag og grunneigar no i haust. Stor takk til dei og alle andre lag- og organisasjonar og grunneigarar som legg ned mykje arbeid med tilrettelegging av stiar. Då får alle innbyggarane i Sunnfjord eit betre turtilbod - i alle delar av kommunen.

Utviklingsprosjekt med Malawi

Sunnfjord kommune vil i regi av Norec samarbeide med Ntchisi kommune i Malawi om eit felles utvekslingsprosjekt innan landbruk.

Ungdom frå Malawi vil kunne vere opp til 9 månader i Sunnfjord, medan ungdommar frå Sunnfjord på tilsvarande måte får sjansen til å bu og bli kjent med korleis dei driv landbruk i Ntchisi i Malawi. Kommunen har i første omgang fått godkjent eit forprosjekt der vi saman med våre kollegaer i Ntchisi skal konkretisere nærmare korleis eit opphald i Malawi og Sunnfjord kan vere.

Malawi er eit av subsahariske Afrikas tettast befolka land med 18 million innbyggarar. Landet er ein innlandsstat i Søraust-Afrika og grenser opp til Tanzania i nord, Zambia i vest og Mosambik i sør.

Ntchisi kommune ligg midt i landet og har eit folketal på litt over 200 000. Dei har utfordringar med moderne landbruksdrift, det meste er basert på tradisjonelt jordbruk, noko som betyr låg produktivitet. Klimatisk er det òg utfordrande med uregelmessig regn, tørke, flom og jordras. Frå Sunnfjord side er det interessant å bli kjend med korleis dei driv landbruket sitt. Vi vil særleg sjå på korleis dei handterer klimautfordringane og kva følgjer det får for landbruket. Mellom anna utarbeider lokalsamfunna eigne strategiar for korleis møte store klimaendringar. Det er òg interessant å lære korleis ein involverer innbyggarane sine i lokale avgjersler. Rekruttering av kvinner til landbruket er ei viktig oppgåve for dei som òg er relevant for Sunnfjord.

Vi har invitert med både Førde vidaregåande skule med naturbruksfaga og Sunnfjord bondelag i prosjektet. Prosjektstart vil starte hausten 2024 og vare ut 2025.

Kven er eg i slekt med? Kvar er røtene mine?

Bilde av ei folk som er påkurs  - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Slektsgransking har fått eit oppsving, blant anna med fleire populære tv-seriar, der ein finn ukjente arvingar og slektsgreiner ein ikkje kjende til frå før. Kanskje har vi meir enn nokon gong behov for å finne røtene våre?

På Førde bibliotek var det denne veka nybyrjarkurs i slektsgransking. Dei fysiske bygdebøkene er framleis populære kjelder, men i dag er svært mange av dei gamle kjeldene digitalisert; folketeljingar, kyrkjebøker og skifteprotokollar.

På kurset, som var fullteikna, fekk deltakarane informasjon om kva som finst i t.d. Digitalarkivet, slektsprogram, organisasjonar som jobbar med slektsgransking og ikkje minst kjeldekritikk. Kan vi vere sikre på at Johannes frå Jølster var fødd i 1863? 

Kan vi stole på at avskrift frå folketeljingar og kyrkjebøker er korrekt? Vi fekk mange gode tips om korleis vi skal søke etter informasjon om slekta vår – og ja, vi fann Johannes i kyrkjeboka, sirleg innført av prest eller klokkar, fødd 1863!

Historia om Førde er komen

Bilde av framside bind 1 Historia om Førde. - Klikk for stort bilete Selja forlag

Førde har endeleg fått ei eiga historie som fleire lenge har ønska. Det var mellom anna ein stor draum for tidlegare kultursjef Håkon Fimland. No har vi fått det i form av tre bind. To av dei vart presentert i Førdehuset i går - eit eige bind om Førde frå bygd til by frå 1500 talet og fram til dag, og eit band 2 med ei rekkje artiklar om samfunn og kultur. I tillegg kjem det eit band 3 om ein eigen kulturhistorisk vegvisar for grendene.

Det var Førde historielag som tok initiativet. Tidlegare Førde kommune løyvde 2 millionar kroner til arbeidet. Som historielaget sjølv peikte på i sin søknad til kommunen i 2018, så er det truleg berre ein liten minoritet som kjenner noko til det gamle bygdelivet i Førde. Endringane dei siste tiåra veit vi har vore særs store, truleg langt meir enn for dei fleste andre kommunar i landet. Historielaget ville ha ei allmennsoge for Førde. No har vi fått det. Gratulerer!

Sosial strikkeglede på Vassenden bibliotek torsdag 16. november

Bilde viser folk som sit rundt eitt bord og strikkar - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

I formålsparagrafen til biblioteklova står det med anna: «Folkebiblioteka skal vere ein uavhengig møteplass…», og med den tanken i hovudet arrangerte Vassenden bibliotek sin første strikkekafé 1. desember 2022. Gleda var stor då heile 26 strikkeglade møtte fram. Sidan har det vorte arrangert strikkekafè ca. ein gong i månaden, tal frammøtte varierer mellom 10 – 20 kvar gong og aldersspennet kan variere mellom 25 – 75 år. Det er to kjekke timar kvar gong, praten går lett, latteren sit laust og bibliotekaren serverer kakao, te og kaffi.

Det skal vere eit tilbod for alle, og sjølv om dei fleste har med seg strikketøy, er det absolutt lov å ta turen innom utan handarbeid. Kanskje ønskjer ein berre å vere sosial eit par timar, eller få inspirasjon og hjelp til å komme i gang med eit handarbeidsprosjekt? Det er i alle fall mogeleg å få god hjelp, for det er strikkekompetansen er høg blant deltakarane. Tilbakemeldinga frå dei frammøtte er dei er glade for å ha dette tilbodet, og at dei gler seg til neste gong. Det same gjer bibliotekaren! Liknande tilbod finn du og på biblioteka i Naustdal, Førde og Sande.

Møte med Førde Idrettslag

Førde Idrettslag ved styret i hovudlaget og dagleg leiar inviterte kommunalsjef for kultur og idrett til møte 15. november. Det var både ei omvisning i klubblokala i Hafstadparken, vidare fekk kommunalsjefen ein presentasjon av Førde Idrettslag og det store mangfaldet dei representerer. Det var óg gode drøftinger om ulike utfordringar og moglegheiter. Vi var mellom anna innom anleggssituasjonen.

Førde IL Fotball har nyleg gjennomført Førde Cup. Dette hadde ikkje vore mogleg utan eit fantastisk apparat av positive frivillige. Eit av mange flotte og viktige arrangement.

Formålet er å tilrettelegge for aktivitet for born og unge. Her jobbar ein kvar dag med sosialisering i eit felleskap der trivsel og godt miljø er grunnleggande. Med vekt på å:

  • inkludere 
  • motivere 
  • lære

Det å skape meistring og betra sjølvkjensle. I sum: idrettsglede.

Kommunalsjef Anita Nordheim takka for eit informativt og kjekt møte, og ser fram til eit godt samarbeid. Førde Idrettslag med sine vel 2000 betalande medlemmer er den største frivillige organisasjonen i Sogn og Fjordane og ein vesentleg aktør i Førde og for Sunnfjord kommune – med eit svært viktig samfunnsoppdrag.

Refleksjon før helga

I dagens nyhendebrev har eg skrive om åtte saker. Dei fleste har ein fellesnemnar; frivillig arbeid til beste for fellesskapen. Eg er imponert over det samla frivillige arbeidet i kommunen vår. Det betyr så mykje for mange. Det gjeld alt frå det å lese for nokon, gå tur med nokon, utbetre stiar for turgåarar, eller skipe til større arrangement og tevlingar for ulike utøvarar. Onsdagskvelden var eg på boksleppet om Førde si historie. Det står verkeleg respekt av det Førde historielag har fått til her. Kva betyr ei slik historiekjelde for utviklinga av identiteten vår? Eg trur den betyr mykje.

Det skjer så mykje i regi av dei frivillige sin innsats. Som kommunedirektør set eg stor pris på alt frivillig arbeid i kommunen. Eg føler meg trygg på at det gjer også den politiske leiinga. Difor spanderer vi gjerne ein festmiddag for deg som gjer så mykje for andre. Velkomen til middag tysdag 28.november!

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

God helg til alle! 

Terje Heggheim 
Kommunedirektør 

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66