Nytt frå kommunedirektøren 17. januar 2025

Takk til tilsette på Førde omsorgssenter.  Friluftslivets år 2025.  Læringsnettverk for berekraftig omstilling.  Ei veke med beredskapen i fokus.  Ny søknadsfrist for barnehageopptak.

Takk til tilsette på Førde omsorgssenter

Tysdag denne veka deltok eg på eit personalmøte på Førde omsorgssenter. Fleire av dei tilsette opplever mediekøyret som har vore den siste tida som ei tung last å bere.  Dersom det påverkar einskilde kan det også påverke arbeidsmiljøet i eininga.  Lokalavisa Firda har over fleire artiklar teikna eit bilete av ein institusjon fleire ikkje kjenner seg att i. Når det er sagt; Firda gjer jobben sin.  Vi kunne sikkert tenkt oss litt meir balanse og at våre vitneforklaringar vart skrive om like mykje som saksøkar sine.

Når det er sagt; dei tilsette på Førde omsorgssenter fortener ros.  Eg rosar dei gjerne.  Alle tilsette på eininga skal ha ros for at dei klarer å levere gode tenester i ein slik situasjon.  Når du les om arbeidsstaden din med så mange negative forteikn, gjer det noko med deg.  Dei tilsette fortel om tøffe utfordringar i arbeidskvardagen.  Eg trur på dei.  I slike situasjonar varmar det når pårørande og andre kjem med gode ord om tenestene dei mottar. Eg opplever tilsette som legg både ære og sjel i arbeidet.  Takk for det!

Så skal vi heller ikkje vere blinde og naive om dei forbetringspunkta vi kan jobbe med.  Sjølvsagt har vi slike.  Forbetringspunkt som alle tilsette og leiinga ved senteret må jobbe saman om å løyse.  Slikt arbeid krev tid og rom.  Tid vi som leiing må gi dei.  Mitt største ønskje no, er at alle bidrar til at dei også får det rommet dei treng til å jobbe med seg sjølve.  Kommuneleiinga skal stille opp.  Lykke til!

Friluftlivets år 2025

Friluftslivets år 2025 blir markert i Sunnfjord kommune med ulike aktivitetar i samarbeid med Vestland fylkeskommune og Indre Sunnfjord turlag. Vi håpar mange vil bruke dette året til å oppdage, ta vare på eigen nærnatur, samt invitere andre ut og kanskje prøve nye friluftsaktivitetar. Du kan lese meir om det på www.friluftslivetar.no

I Sunnfjord vil starten på året bli markert fleire stader 18. januar 2025 med #heilevestlandbåler #helenorgebåler. Du kan lese om aktivitetane utover året på aktivitetskalenderen og på Friskus

Læringsnettverk for berekraftig omstilling

Læringsnettverk - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Sunnfjord kommune deltek i eit læringsnettverk for berekraftig omstilling.  Det gjer vi saman med åtte andre kommunar i Vestland fylke.  Dei andre kommunane er Kinn, Fjaler, Stad, Stryn, Osterøy, Bømlo, Austevoll og Stord.  Det er KS og Statsforvaltaren i Vestland som står for opplegget. Den første samlinga var 7. og 8. januar i Bergen. 

 

 

 

 Der hadde vi fokus blant anna på:

  • Korleis arbeide saman i læringsnettverk
  • Bli nærare kjent med kommunane som deltek
  • Samspel mellom politikk, administrasjon og lokalsamfunn
  • Folkevalde si rolle i plan- og økonomiprosessar
  • Omstilling og innovasjon
  • Heilskapleg planlegging

 

Nettverket skal arbeide fram til sommaren 2026 og målet er at kommunane skal bli flinkare til å gjennomføre naudsynt omstillingsarbeid i eigen organisasjon.  I nettverket deltek representantar frå den politiske og administrative leiinga i kommunen.  Tillitsvalde deltar også. Neste samling er seinare i vår.

Ei veke med beredskapen i fokus

I den siste veka har beredskapen stått i fokus.  Det starta eigentleg med at vi sist helg fekk meldingar om mykje nedbør og at det medførte skredvarsel på oransje nivå.  I slike situasjonar må beredskapsleiinga vurdere ulike tiltak som vi  kan sette i verk.  Vi har ein del skuleborn som på veg til og frå skulen må passere område vi veit det kan gå skred i. I slike situasjonar må vi vurdere risikoen for skred opp mot ulempene det er ved å halde born heime frå skulen.  Med skredvarsel på oransje nivå og med oppdaterte vêrvarslingar vurderer vi situasjonen frå dag til dag. 

I kommunen si beredskapsleiing sit kommunedirektøren si leiargruppe, ordførar, kommuneoverlegen og tilsette på informasjonsavdelinga.

Ny søknadsfrist for barnehageopptak

På bakgrunn av kvalitet og kapasitet i Sunnfjordbarnehagen vert fristen for å søkje om barnehageplass ved hovudopptaket våren 2025 utsett til  måndag 10. mars 2025. 

Saka om kvalitet og kapasitet skal opp til politisk handsaming 27. februar 2025 og den opphavelege  fristen 1. mars 2025 vert difor for knapp.

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helgatil, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje.  Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen

 

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør