Nytt frå kommunedirektøren 16. februar 2024

Lærar i Vest. Karrieremesse i Bergen. Studiestaden Førde. Mission Zero. Ny brannstasjon på Vassenden.

Lærar i Vest

Barn som skriv - Klikk for stort bilete Pixabay

Saman med Høgskulen på Vestlandet er Sunnfjord kommune i gong med pilotprosjektet «LærariVest». Prosjektet har som målsetting å få fleire til å velje barnehage- og grunnskulelærarutdanning for å sikre kommunane kvalifisert personell i framtida. Det er spådd rekrutteringsutfordringar i skulesektoren, og søkartala til lærarutdanningane stadfestar dette. Vi trur at prosjektet LærariVest vert eit tiltak for å betre på denne situasjonen, og vil legge til rette for at fleire blir barnehagelærar eller lærar.

Vi skal mellom anna, saman med HVL, arrangere rekrutteringsmøte. Dette møtet er for alle som kan vere interessert i å arbeide med barn og unge, og som vil vite meir om kva som skal til for å bli lærar eller barnehagelærar.

På møtet blir det gitt informasjon om kva moglegheiter som er i Sunnfjord kommune, og kva utdanningsløp HVL kan tilby den enkelte.

Er du nysgjerrig og kan tenke deg å delta?

Møtet vert gjennomført 6. mars klokka 18:00 på Sunnfjord Rådhus i 4. etasje

Meld deg på her

 

Karrieremessa i Bergen

Ingrid Heggøy, Sigrid Eikeland og Malin Solheim Moldestad - Klikk for stort bileteIngrid Heggøy, Sigrid Eikeland og Malin Solheim Moldestad Sunnfjord kommune

Sist tysdag deltok Sunnfjord kommune saman med Sunnfjord utvikling på Karrieremesse Vestland 2024 i Grieghallen. Nærmare 70 bedrifter, kommunar, regionråd og institusjonar deltok på samlinga. Målet er å rekruttere unge til Sunnfjord og regionen vår. På programmet var òg seminar om morgondagens helsearbeidarar, grøn omstilling og marin og maritime næringar.

Dei årlege karrieremessene er veldig nyttige for oss for å presentere Sunnfjord på ein best mogeleg måte. Vi meiner vi har mange gode kulturtilbod for unge, vi kan tilby ein variert arbeidsmarknad, bustadmarknaden har vore stram, men for tida er det kjøparars marknad. Og vi kan sikre alle barnehageplass.

Messene er òg ein møteplass for bedrifter og kommunar. Vi stod saman med Høyanger kommune og mange av dei andre kommunane i regionen. Rundt oss fant du både Nordic Mining, Norec, Sparebanken Sogn og Fjordane, Helse Førde, Proresult – berre for åp nemne nokre. Alle like viktige for oss.

Rekrutterte vi mange til Sunnfjord? Kanskje! Vi fekk i alle fall lokka mange innom standen vår - geologar, økonomar, sosiologar, biologar, ingeniørar og IT-studentar viste vi vidare til relevante til bedrifter som var relevante. Vi var særleg opptekne av å rekruttere lærarar og helsepersonell.

 

Studiestaden Førde - Vekstkraft og kompetanse

Sunnfjord – og Sogn og Fjordane – har eit særs spennande næringsliv som i stor grad er basert på våre unike naturressursar. Samstundes har vi saman med resten av landet og Europa ei demografisk utfordring som set store krav til kvalifisert helsepersonell. Dette set krav til rett kompetanse. I Førde er vi særs heldige å ha både fagskule og to høgskulecampus i regionen vår som begge vil bli eigne universitetscampus med dei spennande moglegheiter dette vil ha. Desse utdanningsinstitusjonane må tilby utdanningar som samsvarer med våre behov. Derfor er det avgjerande at vi har ein tett og open dialog.

Fredag 9. februar arrangerte Sunnfjord kommune frukostseminar om vekstkraft og kompetanse i Sunnfjord og å sikre relevante studietilbod i regionen. Første delen av seminaret handla om korleis vi kan gjere det meir attraktivt å vere student i Førde. Ein av dei som fekk ordet, var student og medlem i Studenttinget, Jobjørn Røkenes Myren. Han var krystallklar. Bedriftene må tilby studentane sommarjobbar, gjerne deltidsjobb i studietida, og dei hadde ei forventing om at studentane òg kan skrive bachelor- og masteroppgåver som er relevante for bedriftene i Sunnfjord. Det vil gjere det meir attraktivt for å studere i Førde og bli verande her. Bedriftene svarte ja, det vil vi!

Ordførar Jenny Følling hadde tatt initiativ til frukostseminaret og peika på at det til sjuande og sist handla om samarbeid mellom studieinstitusjonane og arbeidslivet i Sunnfjord. Ho peikte på at vi har ein unik sjanse framover – berre vi er kloke og samarbeider godt.

 

Mission Zero

Det var ein god dag i kommunestyret i går. Kommunestyret vedtok at Sunnfjord kommune vil etablere eit offentleg utviklingsprosjekt om å teste og utvikle ny teknologi. Prosjektet gjeld korleis reinse og resirkulere avløpsvatn og slam med 0% utslepp og 100% ressursgjenvinning. Vi har nemleg sidan 2021 arbeidd saman med teknologiverksemdene Renasys og Hellenes om eit slikt utviklingsprosjekt. Kommunen har stilt infrastruktur til disposisjon slik at bedriftene kan teste ny teknologi. Satsinga har så langt fått namnet «Mission Zero». Bakgrunnen for prosjektet er eit nytt avløpsdirektiv med omfattande nye reinsingskrav til avløpssektoren som etter alt å dømme vert vedteke neste år. Satsinga vil kunne ha konsekvensar for heile kommunesektoren både nasjonalt og internasjonalt.

Opning av ny brannstasjon på Vassenden

Ordførar Jenny Følling åpnar brannstasjonen på Vassenden - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Tidlegare i dag var eg med ordføraren som opna den nye brannstasjonen på Vassenden. Det er kjekt å vere med slike markeringar, frå vedtak til nytt bygg og opning. No har brannmannskapet der fått eit nytt og tenleg bygg, noko eg er sikker på betyr mykje for dei tilsette og arbeidsmiljøet. Lykke til med den nye stasjonen. 

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

 

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør Sunnfjord kommune