Nytt frå kommunedirektøren 15. september 2023

Kvifor ser heile Noreg til Sunnfjord? Godt gjennomført val. Gratulerer Nikoline! Marika fekk ros. Landet mellom elvane gir symjeopplæring til ungane i barnehagane. Rådhuset 10 år.

Heile Noreg ser til Sunnfjord. Viser fram korleis vi kan revolusjonerer avløpsreinsing

I slutten av august var det duka for Avlaupskonferanse på Sunnfjord Hotell i Førde, det kom representantar frå nærare 50 av Noregs kommunar til Førde. Målet var å fokusere på korleis nye, strengare reinsingskrav frå EU kan møtast – og få sjå den banebrytande teknologien Sunnfjord kommune har implementert. Det må vere historia sine største kommune-arrangement i Sunnfjord. 46 kommunar som representerer over ein million menneske og nesten tjue prosent av landet si befolkning. Det seier CEO i Renasys, Christopher Sveen. Han leier selskapet som har levert teknologien som gjer at Førde vert det naturlege samlepunktet når Vann Vest inviterer til fagtreff i desse dagar.

Frå Frøya i nord til Arendal i sør flokkar kommunane seg til Sunnfjord for å få innsyn i ny teknologi for reinsing av avløpsvatn og slamhandtering. Bakgrunnen for det heile er eit nytt avløpsdirektiv med omfattande nye reinsingskrav til avløpssektoren som etter alt å dømme vert vedteke neste år. Renasys har utvikla eit filter som kan fjerne opptil 99 prosent av alle partiklar over fem mikron (eit hårstrå er 70 mikron). Dette gjer at anlegga betydeleg kan redusere både investeringskostnader og driftskostnader samtidig som dei får både reinsa meir og gjort slammet om til ei ressurs. Hellens stilte og med mannskap for å snakke om korleis ein kan vidareforedle slammet som kjem frå prosessen hjå Renasys til ein resurs vi kan ha nytte av.

Berre toppen av isfjellet

Ordførar i Sunnfjord kommune, Jenny Følling, hadde tidlegare denne månaden besøk frå kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik. Ho skriv på si Facebook-side at dette prosjektet gjer at kommunen slepp å utvide avløpsanlegget i Førde, noko som sparar Sunnfjord for mellom 60 og 80 millionar kroner. Det talet er eigentleg berre toppen av isfjellet når du også legg til sparepengar i drift og andre løysingar som biokull frå Hellenes, fortel Sveen i Renasys. Hellenes har utvikla ei ny måte å behandle slammet på. På agendaen for fagtreffet i Førde står både ei gjennomgang med Renasys og Hellenes, samt omvisning på anlegget. Det vil elles bli diskutert viktige tema som rekruttering, utfordringar og moglegheiter i bransjen gjennom føredrag og paneldebattar. Leiar for teknisk drift i Sunnfjord kommune, Leif Halvor Kårstad, seier at han er stolt over arrangementet som er blitt sett saman. Han var på scena for å fortelje om suksesskriteria for å ta i bruk ny teknologi i kommunane. Det handlar mellom anna om å involvere både leiarar og medarbeidarar, setje brukarane i fokus og lage ein god plan for kommunikasjon og målbilete, sa Kårstad.

Rosar Sunnfjord kommune

Kårstad rosar kommunen for å vere så open for å teste ny teknologi kring avløpsreinsing. Det er heile grunnen til at det dei neste dagane kjem nærare 50 kommunar til Sunnfjord. Den kommunale sektoren har ikkje akkurat vore kjend for å vere ein kreativ oase for teknologiutvikling. Sunnfjord kommune våga å tenkje nytt, og no er det akkurat det vi har blitt. Slagordet vårt er «Saman er vi drivande gode», og for meg handlar det like mykje om å trekke inn kompetanse og innovasjon frå næringslivet rundt oss, seier Kårstad. Christoper Sveen i Renasys seier han er imponert over korleis Sunnfjord kommune har teke ansvar for å gå i front av denne utviklinga. At nærare 50 kommunar no kjem for å bli inspirerte, er vel fortent, og vi i Renasys er svært glade for å få bidra, seier Sveen.  Reinsingskrava vert strengare, vêret meir ekstremt og klimakrisa større dag for dag. Å løyse dette treng det ikkje vere dyrt eller komplisert – men vi må gjere det saman. Dette arrangementet synte oss at vi verkeleg er på rett veg, avsluttar han.

 

Solveig Masdal Haugsvær og Malin Solheim Moldestad - Klikk for stort bileteSolveig Masdal Haugsvær og Malin Solheim Moldestad Sunnfjord kommune

Godt gjennomført val

Lokalvalet er gjennomført og kven som skal styre kommunen dei neste fire åra er avklart. For nokre handlar val om å vurdere og bestemme seg for kva ein skal stemme. For ein del andre har valet ein tilleggsdimensjon. Dei som er ansvarlege for å gjennomføre valet i ein kommune har eit tungt ansvar med ufatteleg mange arbeidsoppgåver. Eit arbeid som eigentleg går over fleire månader. Valet i Sunnfjord vart gjennomført på ein god måte med kommunalt tilsette i ansvarstunge posisjonar. Planlegginga av valet starta allereie i fjor haust og då sjølve valgjennomføringa starta i sommar var vi spente på om alle brikkene skulle falle på plass.
1. juli starta tidlegstemmegjevinga og frå 10. august til 8. september tok vi imot førehandsstemmer. Til slutt tok vi imot veljarar i 10 ulike stemmelokale på valdagen 11. september.

Ein stor takk til alle tilsette som har:

  • sørga for at valutstyr og materiell kom på rett plass
  • tatt imot førehandsstemmer på tenestetorga, omsorgsentra, sjukehuset, høgskulen og andre stadar
  • vore ansvarlege i stemmelokala på valdagen.
  • vore valmedarbeidarar som har rettleia veljarar og registrert stemmer på valdagen
  • deltatt i oppteljinga av stemmesetlar

Stemninga har vore god under heile valperioden. Mange har uttrykt at dette er ei travel, men kjekk tid og at det er eit arbeid det er svært meiningsfullt og interessant å vere med på. Valgjennomføringa er eit lagspel der mange tilsette er involverte. Godt samarbeid er difor særleg viktig. Årets val viser at vi klarer dette i Sunnfjord kommune og kan leve opp til visjonen vår: «Saman er vi drivande gode».

Takk for godt samarbeid og vel gjennomført val til valstyret og stemmestyra.

Utdeling av kake og blomster til ny fagarbeidar Nikoline Strandos Vonen - Klikk for stort bileteNy fagarbeidar, Nikoline Strandos Vonen Sunnfjord kommune

Gratulerer Nikoline!

Førre fredag tok Nikoline Strandos Vonen fagbrev i helsearbeidarfaget. Etter to år i lære ved Naustdal heimeteneste kan ho no kalle seg helsefagarbeidar. Kor flott og gratulerer så mykje. Men, kjekkast av alt; ho vil halde fram med å arbeide der ho er i dag. Nett slike treng vi fleire av i framtida. Takk, gratulerer og lykke til vidare!

 

 

 

 

 

 

 

Marika Peterson fekk blomar frå entreprenøren - Klikk for stort bileteMarika Peterson fekk blomar frå entreprenøren Sunnfjord kommune

Marika fekk blomar

No er rådhuset nymala, flott og staseleg der det ligg midt i bybiletet. Det var Malerfirma Monsen som vann oppdraget. Det kan vere krevjande å male eit hus utvending samstundes som det er full drift i anlegget. Fleire hundre tilsette og publikum skal inn og ut av huset, anten dei kjem gåande eller syklande. Dette var løyst på ein grei måte gjennom godt samarbeid.

Eg syns det er kjekt når dei vi samarbeider med set pris på kommunalt tilsette. At dei opplever kommunale prosjektleiarar som høgt profesjonelle og samarbeidsviljuge. I alle fall fekk Marika Peterson rosande omtale frå entreprenøren. Det fekk ho saman med ein blomebukett. Som prosjektleiar fortente ho det for den gode jobben ho har gjort. Som kommunedirektør vil eg takke Malerfirma Monsen for at de på denne måten viser at de set pris på kommunen sine tilsette.

 

 

Gratulerer til Øystein Furnes og heile legevakta!

Firda melder i dag at Øystein Furnes, kommuneoverlegen vår, i helga vil bli tildelt Legevaktprisen 2023. Det er vi stolt over. Det er ein pris som vert delt ut til den eller dei som driv målretta arbeid for å betre kvalitet, kompetanse, samarbeid og miljø i legevaktarbeidet. Øystein seier til Firda at det er ein pris som går til heile legevakta. Vi gratulerer Øystein og alle tilsette på legevakta. Så tenker eg det er greitt og tryggande for oss som bur i Sunnfjord å vite at vi har ei legevakt som vert vurdert til det beste av fagfolk utanfrå. Det gjer det tryggare å bu i kommunen vår. Gratulerer – og igjen; saman blir vi drivande gode!

Jente med armringar på i badebassenget - Klikk for stort bileteSelma i bassenget Sunnfjord kommune

Symjeopplæring i sunnfjordbarnehagen

I Sunnfjordbarnehagen er det kvart barnehageår ein spent gjeng som får reise på bading og symjeopplæring. Ordninga er finansiert med tilskot til symjeopplæring av statsforvaltaren i Vestland. Ordninga er for barn i alderen 4 til 6 år og nykomne minoritetsspråklege elevar. I ein kommune med fire store vassdrag som ofte blir omtala som Landet mellom elvane, er dette viktig førebyggjande tiltak for å gje barn og unge betre symjeferdigheiter. Tilskot til symjeopplæring for barnehagebarn og nykomne minoritetsspråklege elevar i 2023 - Statsforvaltaren i Vestland

 

 

 

 

Ole John Østenstad og Øystein Høyvik - Klikk for stort bileteOle John Østenstad og Øystein Høyvik Sunnfjord kommune

Rådhuset 10 år

For ti år sidan var eg rådmann i Flora kommune. Eg sat i eit rådhus som heilt sikkert var eit praktbygg i Jugendstil, den gangen det vart bygd i 1902. Det tener framleis føremålet, men er for lengst gått ut på dato. Det var liksom ikkje heilt kurant å ha landbrukskontoret i fjerde høgda i eit hus med steintrapper og mangel på heis. For ti år sidan var det eit kontor mange var avhengig av å vitje. I dag er det annleis, mange av tenestene er digitaliserte og besøksbehovet har gått monaleg ned, for dei fleste kontora i ein kommune. Men, det skal likevel fungere som arbeidstad med eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.

Det er ein snev av skilnad på det å vere rådmann i ein kommune som gleder seg over å ha kome seg ut av Robek, og det å vere rådmann i ein kommune som opnar nytt rådhus. Det siste skjedde i Førde i 2013. Men, det starta før.

Alt i 1971 vart det halde arkitektkonkurranse om nytt rådhus i Førde på tomta der taxihaldeplassen er i dag. I staden for å bygge rådhus, valte ein den gongen heller å bygge Førdehuset! Etter 2000 var administrasjonen lokalisert på fire ulike plassar i sentrum i leigde bygg. Det vart utarbeidd to rapportar (1994 og 2006) som slo fast at det var økonomisk grunnlag for å bygge rådhus, og at dette måtte plasserast sentralt i byen. I 2007 kjøpte kommunen det gamle samvirkelagsbygget og i 2010 bygget som husa Førde Fargehandel. Det vart gjennomført arkitektkonkurranse i 2008 der Nordplan, Mestreswaage og 70gr Nord AS gjekk sigrande ut av konkurransen. Bystyret vedtok å bygge rådhuset etter teikningane frå konkurransen med ei kostnadsramme på 200 mill kr. Bygginga tok til hausten 2011 med Åsen & Øvrlid som hovudentreprenør.

Vi fekk eit moderne og funksjonelt administrasjonsbygg for 220 personar, eit løft for sentrum og sentrumsutviklinga

  • total areal 9651 m²
  • bruttokostnad: ca 290 mill kr – i samsvar med budsjett
  • nettokostnad: ca 250 mill kr
  • eit kostnadseffektivt bygg: Byggekostnad på 27.800 kr pr m² bruttoareal (utanom parkering)
  • driftskostnader - som før rådhus
  • og eit bygg dei tilsette er stolte av å jobbe i
Kaffi og marsipankake til alle på rådhuset i dag - Klikk for stort bileteKaffi og marsipankake til alle på rådhuset i dag Sunnfjord kommune

I dag markerer vi difor at rådhuset i Førde er 10 år gamalt. Tidlegare kommunedirektør Ole John Østenstad og den gongen prosjektleiar Øystein Høivik informerte om arbeidet som leia fram til at dette staselege bygget står der i dag. Og det vart sjølvsagt kaffi og kaker til dei som var på rådhuset tidlegare i dag.

 

 

 

 

 

 

 

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66