Nytt frå kommunedirektøren 14. november

Overskrifter denne veka: Hallgeir Hamre blir rektor for den nye felles ungdomsskulen i Førde. Sindre Roska blir rektor for felles barneskule på Halbrend. Janne Alette Fugle vald inn i Landstyret i Fagforbundet. Kva set innbyggarane i Sunnfjord kommune pris på? Emil Ravnøy Ulvnes har tatt fagbrev som ernæringskokk.

Hallgeir Hamre blir rektor for den nye felles ungdomsskulen i Førde

Rektor - Førde ungdomsskule, Hallgeir Hamre

Hallgeir Hamre er rektor på Førde ungdomsskule og han har arbeidd ved skulen sidan 2006. Han starta som assisterande rektor og tok over rektorstillinga i 2014.

Hallgeir skal arbeide med samanslåinga og dei prosessane som skal gjennomførast for å bygge ein ny felles ungdomsskule i Førde sentrum. Prosessar som skal trygge elevar og foreldre i overgangen og skape eit godt arbeidsmiljø og fellesskap for tilsette.

Som rektor ved Førde ungdomsskule har Hallgeir gjort ein framifrå jobb med å bygge eit godt skulemiljø, involvere foreldre og skape ein god arbeidsplass for dei tilsette.

Kommunedirektøren er svært glad for at Hallgeir blir rektor ved den nye ungdomsskulen.

 

Sindre Roska blir rektor for felles barneskule på Halbrend

Rektor på Halbrend skule, Sindre Roska - Klikk for stort bileteRektor på Halbrend skule, Sindre Roska

Sindre Roska er i dag rektor på Halbrend skule. Før Sindre starta opp som rektor ved Halbrend skule, var han rektor ved Holsen skule og barnehage og Flatene skule.

Fram til 2008 var Sindre rektor ved Sunde skule før gjekk til stillinga som rådgjevar i Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane.

Sindre skal arbeide med dei prosessane som skal gjennomførast for å etablere den nye barneskulen på Halbrend. Prosessar som skal trygge elevar og foreldre i overgangen og skape eit godt arbeidsmiljø og fellesskap for tilsette.

Sindre har god kjennskap til dei to skulane som no skal bli ein. Han har gjort ein framifrå jobb med å utvikle eit godt skulemiljø, involvere foreldre og ein god arbeidsplass for tilsette.

Kommunedirektøren er svært glad for at Sindre blir rektor ved nye Halbrend skule.

 

Janne Alette Fugle vald inn i Landsstyret til Fagforbundet

dame - Klikk for stort bilete

Fagforbundet har gjennomført sitt 6 ordinære landsmøte i perioden 27-31 oktober 2025.

Der det vart det mellom anna foretatt val av ny forbundsledelse og landsstyre.

Det er ekstra kjekt og stas at ein av våre egne tillitsvalde i kommune vart valt inn i Landsstyret som representant frå Vestland.

Janne Alette er ein av fleire Hovudtillitsvalte Fagforbundet har i Sunnfjord kommune.

Tillitsvalde har ei viktig rolle og oppgåvene er forankra i hovudavtalen. Vi gratulerer med valet!

Innbyggarane set pris på enkel kvardag, gode tenester og natur – slik kan vi styrke bulysta i Sunnfjord!

Sunnfjord kommune har gjennomført ei undersøking blant innflyttarar og tilbakeflyttarar for å finne ut kva som gjer at folk vel å bu her – og kva som skal til for at dei blir verande. Resultata gir eit tydeleg bilete: Sunnfjord har mange sterke sider som innbyggarane verdset høgt.

Dette likar folk best med Sunnfjord

  • Saumlaust kvardagsliv: Kort veg til jobb, barnehage, skule og fritidsaktivitetar gir mindre stress og meir tid til familien.
  • Trygg oppvekst og gode tenester: Barnehagar og skular med høg kvalitet trekkast fram som avgjerande for livskvalitet.
  • Naturen og friluftslivet: Fjordar, fjell og natur er blant dei mest nemnde kvalitetane.
  • Kombinasjonen av byliv og natur: Førde sentrum gir eit «smak av storbyliv» med kulturtilbod, handel og møteplassar – samtidig som naturen er tett på.


Kvifor flyttar folk til Sunnfjord?
Dei viktigaste grunnane er:

  • Jobb (199 svar)
  • Nærleik til familie og vener (190 svar)
  • Enkel kvardag med korte avstandar (105 svar)
  • Natur og friluftsliv (101 svar)


Vil dei bli verande?
Heile 202 av 357 svarar at dei mest sannsynleg blir buande. Men 77 er usikre, og 66 planlegg å flytte på sikt. Her ligg handlingsrommet vårt: å gjere Sunnfjord endå meir attraktivt for dei som tvilar.

Kva skal til for å halde på folk?
Undersøkinga peikar på fleire nøkkelfaktorar:

  • Gode offentlege tenester: Når barnehagar og skular fungerer godt, blir det trekt fram som ein viktig grunn til å bli buande.
  • Bustadtilgang: Rimelege bustadar og tomter, spesielt for unge familiar.
  • Levende sentrum og møteplassar: Kultur, aktivitetar og sosiale arenaer som skapar fellesskap.
  • Betre kollektivtilbod: Særleg på kveldstid og i helgar, og betre tilrettelegging for pendling.
  • Natur og friluftsliv: Naturen vert sett på som viktig kvalitet.


Kvifor vurderer nokre å flytte?
Hovudårsakene er:

  • Manglande jobb- og karrieremoglegheiter, spesielt innan privat sektor.
  • Høge bustadprisar .
  • Uro rundt nedlegging av skular og barnehagar.
  • Dårleg kollektivtilbod utanfor Førde.
  • Manglande inkludering - særskilt blant innflyttarar utan tilknyting
  • Bekymring for naturinngrep og miljø.


Konklusjon: Sunnfjord har eit sterkt fundament ved at vi kan tilby ein enkel kvardag der byliv og natur er tett på. Skal vi sikre bulyst og tilflytting, må vi satse på kvalitet i kvardagen, inkluderande lokalsamfunn og tilgang på gode bustader og arbeidsplassar.

Emil Ravnøy Ulvnes har tatt fagbrev som ernæringskokk

gutt i kokkeklær - Klikk for stort bilete

Vi vil gratulere lærlingen Emil Ravnøy Ulvnes som har bestått fagprøva og fått fagbrev som ernæringskokk! Han har vore lærling ved Kjøkkentenesta på Førde omsorgssenter.

Som ernæringskokk har han ei viktig rolle i å kombinere matglede med kunnskap om helse og ernæring – noko som er avgjerande for å skape gode måltidsopplevingar og bidra til betre livskvalitet for mange.

Vi er stolte av innsatsen og ser fram til å følgje vegen vidare. Gratulerer så mykje!

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

 

Terje Heggheim
Kommunedirektør

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
Telefon 91 10 12 66