Krevjande tid
Vi er inne i ei særs krevjande tid. Kommuneøkonomien krev all fokus for tida, men det er også rett. Vi har no sendt ut ein instruks om drift av kommunen i år. Instruksen vart stadfesta i formannskapet i går. Den fortel om ei rekke ulike tiltak som vert sett i verk. Det gjeld blant anna:
- Etablering av eit økonomiteam som blant fleire oppgåver skal følgje opp einingar som varslar om meirforbruk
- Det vert innført tilsettingsstopp frå no
- Vi må sikre inntektene våre
- Det vert innført innkjøpsstopp
- Det vert sterke reguleringar på overtid, vikarar og meirarbeid
- Full gjennomgang av framtidige og pågåande investeringar
- Reisestopp
- Stopp med deltaking i kurs og konferansar, med nokre få unntak
- Ingen nye leigekontraktar
- Sal av bygg og anlegg
- Gjennomgang av kommunen sin eigarskap i selskap og samarbeid
Det er viktig at vi jobbar godt med alle tiltaka nemnd ovanfor. Dersom vi ikkje lukkast med det er det fare for at vi blir satt under statleg administrasjon. Det er det ingen som vil. Driftsåret 2025 vil difor bli krevjande for alle i organisasjonen.
Les heile instruksen for drift av Sunnfjord kommune i 2025 (PDF, 456 kB)
Kvalitet og kapasitet i skular og barnehagar - gjeld det meg?
No reknar eg med at dei fleste har fått med seg at dei to sakene som gjeld skular og barnehagar. Det er ganske store og omfattande strukturtiltak som ligg i tilrådinga. Eg gjentek ikkje dei her, men ønskjer heller å ha fokus på kva sakene kan ha av konsekvensar for tilsette i dei to sektorane.
For det første vil færre barn utløyse eit behov for som fører til færre tilsette. At vi i tillegg legg opp til færre skular og barnehagar vil medføre at tilsette vil måtte endre arbeidsstad, eller kanskje til annan stilling i ein annan sektor.
Vi kan kome i ein situasjon med overtallige. Då skal vi følgje reglane og avtaleverket for korleis vi skal handtere det. Naturleg avgang og tilsette som går av med pensjon, tilsette som sluttar i jobben, omskulering til anna arbeid kan vere tiltak som kan ta ned det endeleg talet på dei som vert overtallige. Eg må likevel vere ærleg om at vi kan kome i ein situasjon der vi må seie opp tilsette som følgje av den store nedgangen i talet på barn og unge. Men, også i det tilfelle skal vi følgje boka, og vi skal gjere mykje for at dei negative konsekvensane vert så små som råd.
Dette er tilhøve som ikkje har vore særleg mykje kommunisert fram til no. Korkje på folkemøte eller overfor deg som er tilsett i kommunen. Vi vil difor i den vidare prosessen lage ein informasjonsplan som skal ha som mål at alle tilsette i Sunnfjord kommune vert å halde godt informert om det skal skje framover.
Trond Ueland vert konstituert som kommunalsjef for Teknisk og miljø
Trond UelandDet er kjend at Jan-Inge Hage skal slutte i stillinga som kommunalsjef for teknisk og miljø. Han vil arbeide ut april månad i år. Frå same tid vert Trond Ueland konstituert i stillinga som kommunalsjef for denne sektoren. Trond arbeider i dag innan fleire fagfelt, men kanskje mest opp mot næring, samferdsle og spesielle strategiske oppgåver som ikkje ligg i andre sektorar. Trond hadde tilsvarande kommunalsjefstilling i tidlegare Førde kommune. Eg ønskjer Trond lykke til med nye utfordringar.
Nye einingsleiarar i Helse og sosial
Elisabeth Flo KyrkjebøHelse og sosial har tilsett tre nye einingsleiarar. Harald Bjarte Reite, Monica Vik Hafstad og Elisabeth Flo Kyrkjebø.
Harald Bjarte Reite starta 1. mars som einingsleiar for legetenesta, han har tidlegare vore einingsleiar for Bu – og avlastingstenesta og Bu – og miljøtenesta.
Monica Vik Hafstad starta og 1. mars, då som einingsleiar for Bu – og avlastingstenesta. Ho kjem i frå stillinga som barnekoordinator, og har tidlegare vore assisterande eininglseiar i Bu – og avlastingstenesta.
Elisabeth Flo Kyrkjebø vil i frå 1. juni ta til som einingsleiar for Sunnfjord barnevern. Elisabeth er i dag i stilling som samordningskoordinator for barn og unge i Sunnfjord kommune, og har tidlegare jobba innafor kommunalt og statleg barnevern. Vi ynskjer dei alle lykke.
Nye rektorar i Sunnfjordskulen
Elias TvedtVi har tilsett to nye rektorarar, ved Sande skule og Flatene skule.
Rune Kvammen går av med pensjon til sommaren og Sindre Roska har starta opp i rektorstillinga på Halbrend skule.
Ved Flatene skule er Elis Tvedt tilsett. Elias er 34 år og kjem opphaveleg frå Stanghelle. Han kjem frå stillinga som avdelingsleiar ved Gimle skule i Bergen. Elias starta i stillinga den 2. januar. Elias har arbeidd som lærar og kontaktlærar ved fleire skular tidelegare.
Ann-Kristin Strandheim er tilsett som rektor ved Sande skule. Ho kjem frå stillinga som assisterande rektor ved Sande skule. Ho har fungert som konstituert rektor ein lenger periode. Ann-Kristin er utdanna lærar og har vore tilsett ved Sande skule sidan 2005. Her har ho vore innom dei fleste årsstega, med vekt på rollene som kontaktlærar, faglærar og rådgjevar ved ungdomstrinnet. Ho vart tilsett som assisterande rektor i 2017.
Vi er glade for at Elias og Ann-Kristin er blitt ein del av rektorkollegiet i Sunnfjordskulen.
Kraftsituasjonen i Sunnfjord
Fornybar energi har blitt ein av dei største geopolitiske faktorane. Land som er rike på fornybare energiressursar har fått en langt viktigare rolle enn tidlegare. Norge har her ein viktig posisjon og rolle.
I Sunnfjord er vi i ein særs heldig situasjon med tanke på produksjon og formidling av fornybar energi. Moskog med sin store transformatorstasjon speler nemleg ei særs viktig rolle for heile Noregs kraftnett. Med auka elektrifisering av transport, industri og hushaldningar, vert det forventa at straumforbruket må aukast betydeleg. Dette gjeld ikkje berre Noreg, men også internasjonalt.
Sunnfjord er òg ein betydelig produsent av fornybar energi. Til dømes produserer Jølstra kraftverk aleine omtrent 220 GWh ny fornybar energi årleg. I tillegg er det fleire småkraftverk i området som bidreg til den totale kraftproduksjonen. Samla sett har Jølster ein kraftproduksjon på over 1000 GWh , altså 1TWh.
Utfordringa vår er at det aller meste av krafta som blir skapt i Sunnfjord ikkje vil bli nytta lokalt. For oss er det viktig at vi har nettkapasiteten på Moskog slik at bedrifter og selskap vil etablere seg på Moskog. Her har vi etablert Sunnfjord næringspark. Siste del av parken vil vere ferdig hausten 2026.
Sunnfjord kommune er opptekne av å ha ein god dialog med nettselskapa, først og fremst BKK og Linja AS. Men Statnett er minst like viktig. Vi må nemleg sikre at vi framleis har overskotskraft til våre bedrifter som vi etablere seg i Sunnfjord og i heile regionen vår.
Plan for helga?
Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!
Terje Heggheim
Kommunedirektør