Formannskapskonferanse i Loen

Torsdag og fredag denne veka var formannskapa i Region Fjordane samla i Loen. Første dag vart behov for og produksjon av kraft sett på dagsorden. Energiminister Terje Åsland innleia ved å snakke om det grøne skiftet, vetoretten i vindkraftsaker, industri og miljøforplikting. Vestland fylkeskommune sat fokus på kva rolle fylkeskommunen kan spele i utviklinga av regionen Fjordane. Eit anna tema den første dagen tok utgangspunkt i spørsmålet om kommunane har gode nok insentiv for å seie ja til meir fornybar energi.
I dag, fredag, innleia statsforvaltar Liv Signe Navarsete om heilskapleg og langsiktig planlegging for kapasitet, kvalitet og kompetanse i helse og omsorgstenestene. Deretter fortalde tre ungdomar om kva dei meiner skal til for å ta vare på ungdom som strevar med psykisk helse og rus. Det opplevde eg som ei sterk forteljing og der vi vaksne meir eller mindre vart sett på skulebenken av dei unge.
Tre kommunar viste til praktiske døme innanfor behandlingsvurdering av skrøpelege eldre, lokal bemanningsbase for helse og innstramming av tildeling av tenester.
Alt i alt gav konferansen signal om at dei elleve kommunane i Region Fjordane har ein god del å lære av kvarandre.
Utvalet for oppvekst og kultur på synfaring

Denne veka var utval for oppvekst og kultur på synfaring ved Førdehuset, der dei fekk innsikt i både dei flotte kulturtilbod og dei vedlikehaldsutfordringane som bygget har.
Eit hovudfokus var bygging av den nye ungdomsklubben i Teater Vestland sine gamle verkstadslokale i Førdehuset som no er godt i gang. Utvalet fekk omvising og informasjon om byggeprosessen.
Når lokala står klar til ungdomane hausten-25, vil dei innehalde opphaldsrom med kjøkken, kafé og sofagrupper. Eigne rom til TV, gaming , biljard og bordtennis m.m. Det vert også eige lokale til dans, der mellom anna Dans uten grenser Førde, vil få nye øvingslokale. Sambruk på tvers i huset, med skular og andre aktørar gjev nye moglegheiter.
Symjehallen har som kjent utfordringar og utvalet vart orientert under ei omvisning i hallen. Dei fekk oppleve Førde bibliotek og det fantastiske kulturskulebygget i Sunnfjord som har hatt stor betydning for kulturlivet sidan opninga for fem år sidan.
Synfaringa gav utvalet verdifull innsikt i dei pågåande prosjekta og eksisterande tilbod i Førdehuset.
Nytt byggstudium i Førde
Campus Førde ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) med alle sine tilbod innan helse og tekniske utdanning på bachelor, master og Ph.d. nivå er svært viktig for heile regionen. Byggingeniør, bachelor vart etablert for 10 år sidan i tett samarbeid med byggenæringa og kommunen. Styret for HVL la dette studiet ned hausten 2024 grunna for få søkarar, men har etter klart ønskje frå næringslivet og kommunane starta arbeidet med ei nyetablering.
Dette var tema for eit møte mellom HVL, byggenæringa, NHO, entreprenørforeiningane, konsulentnæringa, Region Fjordane og Sunnfjord kommune i førige veke. Her la dekan for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap ved HVL Jens Kristian Fosse saman med sine kollegaer fram plan for arbeid med å utgreie nytt byggfagleg studium i Førde. Dette vart godt motteke av deltakarane og samsvarer godt med dei forventningane næringa har.
På møte vart òg ein tettare integrasjon med fagskulen i Førde (Fagskulen Vestland) drøfta. Fagskulen har i dag over 500 studentar og er samlingsbasert. Regjeringa vil seinast våren 2025 legge fram ei melding til Stortinget om høgare yrkesfagleg utdanning. Det lovar bra. I Førde har vi eit godt utgangspunkt for å teste ut fleire modellar for samarbeid.
Partane vil møtast seinare i vår for å drøfte meir konkrete forslag til byggstudium i Førde. Sett frå Sunnfjord kommune si side er dette særs gledeleg. Kommunen har engasjert seg sterkt slik vi gjorde saman med byggenæringa også for 10 år sidan. Det all grunn til å tru at vi skal få det til igjen. Høgskulen og fagskulen er særs viktige institusjonar for oss og vi skal vere ein god vertskommune.
Arrangement om bunadstradisjonar

Arrangementet Bunadstradisjonar lokka folk frå både Førde og Jølster til Sande bibliotek måndag 10. februar. Det var 50 stykk som høyrde Ann Lundekvam ta oss med på ei spennande reise i rekonstruering av bunadar i Sunnfjord. Ann Lundekvam har via store delar av livet sitt til å vidareføre bunadstradisjon og bunadshandverk, båe gjennom arbeidet med å rekonstruere drakter og som kurshaldar. For denne innsatsen mottok ho 11. januar Kongens fortenestemedalje for sitt livslange virke som bunadstilverkar. Frå Tanja Myklebust fekk vi høyre om Midtre Sunnfjord husflidlag si rolle i bunadsarbeidet, og Else Igelkjøn gav oss innsikt i korleis det er å vere ein tradisjonsbærar. Ho har gått i lære hjå Ann Lundekvam og held no kurs i bunadsskjortetilverking på fjerde året.
Arrangementet var eit samarbeid mellom Sande bibliotek og Midtre Sunnfjord husflidlag.
Plan for helga?
Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!
Terje Heggheim
Kommunedirektør