Nytt frå kommunedirektøren 13. september 2024

Overskrifter denne veka: Region Fjordane ser på kraftsituasjonen. Arbeid med vald og trugslar i skulen. Strategisamling for skuleleiarar. Frisksenter – helsetenester i sentrum av Naustdal. Endeleg jubileumsfeiring for landslova.
 

Region Fjordane ser på kraftsituasjonen

Region Fjordane var samla på Hardbakke i Solund tidlegare denne veka.  Region Fjordane er det korte namnet på Fjordane interkommunalt politisk råd som Sunnfjord kommune og 10 omegn-kommunar er med i.

Regionrådet hadde fleire saker på agendaen.  Eg vil trekke fram arbeidet som no skjer rundt kraftsituasjonen i området vårt. Vi har no starta ei kartlegging av kva straum vi har tilgjengeleg og kva behov vi vil ha i framtida.  Her treng vi fakta, slik at vi kan kvalifisere oss til tilgang på straum når nett og kapasitet vert tilgjengeleg.  

Region Fjordane – personar på møte Sunnfjord kommune - Klikk for stort bilete

Ei slik kartlegging handlar blant anna om at vi må få svar på status og behov. Vi må få kunnskap om korleis pågåande prosjekt vil påverke kraftsystemet i kommunen og området rundt oss. På same vis må vi ha svar på korleis vi kan løyse flaskehalsar i nett og kapasitet. Det er mange prosjekt under planlegging.  Det som skjer på Moskog og etablering av ny næringspark er eit døme.  Kva vil behovet for kraft vere der?  Det vil sjølvsagt vere avhengig av kven som etablerer seg med aktivitet der. Eit anna viktig spørsmål å få svar på er kva planar nettselskapa har. Det kan gi oss eit bilete av framtidig kraftproduksjon og kraftforbruk.  Difor vil denne kartlegginga vere eit viktig strategisk arbeid i utviklinga av regionen vår. Difor er det både rett og fornuftig at Region Fjordane har starta dette arbeidet.

Arbeidet med vald og trugslar i skulen

Før skulestart var 530 tilsette i skule og SFO samla til kursdag i Førdehuset med tema handtering av vald og trugslar.  

Vald og trugslar er ei aukande problemstilling i skulen. Tilsette som opplever å bli utsett for fysiske og verbale truslar er aukande.  I Sunnfjordskulen er det registrert  få saker, men likevel er det viktig at vi har gode system og opplæring i å handtere vald og trugslar.   

Arbeidstilsynet har sett fokus på vald og trugslar i skulen gjennom eit landsomfattande tilsyn med kommunane.  Som ei oppfølging av  tilsynet fekk alle tilsette i skulesektoren teoretisk og praktisk opplæring.

Strategisamling for skuleleiarar

Skuleleiarane i Sunnfjordskulen var den 10.–11. september samla til strategisamling for å legge planar for arbeidet dei neste fire åra. Det vart arbeid med Sunnfjordskulen  sin utviklingsplan som skal sette fokus på vurdering, begynnaropplæring, inkluderande praksis og profesjonsutvikling.

 I tillegg til å arbeide med strategiar og utarbeide tiltak for utvikling, fekk skuleleiarane fagleg påfyll i «klokt leiarskap» ved Paul Otto Brunstad, og dei fekk høyre korleis Bergen kommune har bygd opp sin utviklingsplan og system for oppfølging av skulane. 

«Frisksenter» – helsetenester i sentrum av Naustdal

Kommunestyret vedtok i desember 2022, oppstart av arbeidet med ombygging av kommunehuset og bankbygget i Naustdal til eit nytt Frisksenter.

Som første milepæl vart Bankbygget ferdig ombygd og teke i bruk i desember 2023, som ei mellombels løysing for kyrkjekontoret, servicetorg, psykisk helse og rus samt aktivitetseininga med frisklivstilbod.

Frisksenter foto Sunnfjord kommune - Klikk for stort bilete

Entreprenør Harald Kapstad AS arbeider i desse dagar med å ferdigstille «Kommunehuset» som siste milepæl i arbeidet med Frisksenteret. Arbeidet skal vere ferdig i veke 40 og klart til innflytting i påfølgjande veke.  

Den store flyttesjauen blir gjennomført i veke 41.–43. I denne perioden vil einingane vere lite tilgjengelege for publikum og vi vonar de har forståing for dette. De må gjerne ta kontakt med einingane på Rådhuset i Førde i denne perioden. 

Frisksenter foto: Sunnfjord kommune - Klikk for stort bilete

Når frisksenteret er ferdig vil vi ha følgjande tenester i desse to bygga:

Kommunehuset:

  • servicetorg
  • legesenter
  • helsestasjon
  • psykisk helse og rus
  • aktivitetseining
  • personalkantine mm.

 

Bankbygget:

  • heimetenesta
  • fysio-/ergoterapi
  • aktivitetseininga med frisklivstilbod
  • kyrkjekontoret vil etter kvart flytte til det gamle legesenteret
     

Vi vonar desse tiltaka vil bidra positivt til sentrumsutviklinga i Naustdal og vi ser fram til å sjå dykk i nye og flotte lokale både i bankbygget og kommunehuset.

Jubileumsfeiring for landslova etter Magnus Lagabøte

 

Illustrasjon Sunnfjord kommune - Klikk for stort bilete

Bli med på folkefest på Ålhus 27.–29. september. Magnus Lagabøte si landslov av 1274 sette rett framfor makt og skreiv fram grunnmuren i det gode samfunnet vi får leve i, 750 år seinare. Mellom lovskrivarane var Audun Hugleiksson frå Ålhus.  

Jubileumsfeiring for landslova etter Magnus Lagabøte

God helg til alle!

Terje Heggheim, kommunedirektør foto: Reiakvam - Klikk for stort bilete

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje.  Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

Terje Heggheim
Kommunedirektør 


 

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66