Nytt frå kommunedirektøren 13. desember 2024

Overskrifter denne veka; Skaparkraft i landet mellom elvane.  Markering av tilsette med 25-års tenestetid. Trygg veg mellom Naustdal og Vevring. Folkemøte om vindkraftplanar.

Skaparkraft i landet mellom elvane

Sunnfjord kulturskule er tildelt kr 500.000,- til eit handverksløft for barn og unge. I dette prosjektet skal vi bygge ut folkeverkstadane på Førdehuset i tett samarbeid med Sunnfjord bibliotek og Kultur og ungdom. Av andre viktige samarbeidspartar vil eg nemne husflidslaga, kunstnarsenteret og naturvernforbundet. For kulturskulen sin del vil faga visuell kunst og teater ha stor nytte av verkstadane til å lære gamle handverk, men også til å utvikle desse vidare. Målet i prosjektet er å utstyre tre rom med godt og funksjonelt utstyr til å jobbe med og lære om ulike tradisjonshandverk. Desse romma skal også kunne bookast av andre som ynskjer det både til kurs og til eige arbeid.

Utdrag frå søknaden:
«Ein gong låg ein liten gut på golvet under renningane i veven til mor si. Over han var veven som ein himmel. Sola fekk trådane til å glitre og fargane til å lyse, som om dei brann, raude og gule. Alltid var mønsteret det same. Så strengt, synst guten. Kunne rutene i veven bli blomar? Eller bær, slik dei vaks i bakkane bak vevstova? Målaren Nikolai Astrup sine tidlege arbeid er mønster for vev. Ikkje tradisjonelle åttebladroser, men blåklokker, valmuer og tyttebær. I vår tid har smykkekunstnaren Anne Lise Øvrebø skapt kolleksjonar i sølv og gull frå dei same mønstra. Slike skapingssoger har vi mange av i Sunnfjord. Skaparkrafta er ein berebjelke i den kulturelle identiteten vår, men veden i bjelken har si styrke frå handverka. Frå ei hand til den neste går handverka i arv.»

Kulturskulerådet vart i år, for andre gong, tildelt økonomiske midlar gjennom Håndverksløftet, som Sparebankstiftelsen DNB står bak. Denne gongen blei det løyvd fem millionar kroner som skal ut til kulturskular gjennom ordninga Håndverksløftet i kulturskulen. Målet med ordninga er å stimulere kulturskular til å initiere eller styrke tilbod innan tradisjonshandverksfag retta mot barn og unge.

Markering av tilsette med 25-års tenestetid

Bilde av 25 års jubilantar 2024  - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tysdag denne veke vart 32 av våre tilsette takka for 25 års tenestetid i kommunen.  Tilstellinga gjekk føre seg i Førdehuset og ordførar Jenny Følling heldt tale for jubilantane.  Ho kom blant anna inn på at dei tilsette på mange måtar speglar breidda i ein kommuneorganisasjon.  Det var lærarar, sjukepleiarar, kontortilsette, ingeniørar, legar og fleire yrkesgrupper som vart markert denne dagen. Kommunedirektøren takkar for vel utført teneste i 25 år.

Trygg veg mellom Naustdal og Vevring 

Alle som har køyrt utover Førdefjorden frå Naustdal til Vevring har erfart ein smal, krunglete veg med til dels dårleg sikt. Vestland fylkeskommune og Nordic Mining har signert ein avtale om å gå inn med pengar til å sikre betre fylkesveg 611. Måndag kveld hadde Sunnfjord kommune invitert partane til eit møte saman med lokale representantar for å drøfte korleis vi kan løyse utfordingane. Som grunnlag for møte hadde bussjåførane Inge Engebø og Anders Apalseth som køyrer denne strekninga dagleg, vurdert nøye kva tiltak som eignar seg best for å sikre betre trafikktryggleik på kort sikt. Vi opplever ein lyttande og konstruktiv fylkeskommune som saman med Nordic Mining i første omgang vil gå inn med 10 million kroner kvar slik at vi kjem raskt i gang. Det handlar om å få fleire og betre møtepunkt langs vegen. I tillegg vil rydding av skog langs deler av vegen sikre langt betre sikt.

Det lokale engasjementet er stort. Innspela vi har fått er heilt avgjerande for å sikre ein tryggare og betre veg langs fjorden. Grunneigarar har blitt kontakta. Så langt har dei i all hovudsak vore positive til tiltaka som er planlagt. Det er veldig flott og avgjerande. Den lokale arbeidsgruppa langs fjorden vil invitere både fylkeskommunen, Nordic Mining og kommunen til eit ope møte over nyåret. Sett frå Sunnfjord kommune si side er det svært positivt. Som kommunedirektør vil eg skryte av det lokale engasjement. Utan dei vil det som skjer no vanskeleg late seg gjere. 

Folkemøte om vindkraftplanar

Vi veit at Hydro, Eviny og Zephyr har levert eit planinitiativ for vindkraft på Snøheia.  Tilsvarande har Fred. Olsen Renewables gjort for eit vindkraftanlegg i Høyangerfjella.  Begge tiltaka strekker seg over to kommunar, Høyanger og Sunnfjord. Eit planinitiativ er første steg i ein prosess som kan bli langvarig.  Føremålet med eit slikt initiativ er at tiltakshavar så tidleg som mogleg får avklart om dei kan gå vidare med planane, eller ikkje.

Høyanger kommune har sagt ja til vidare utgreiing for begge tiltaka.  Sunnfjord kommune skal ta stilling til dei to sakene i kommunestyremøte 9. januar.  I forkant av det møte, vil det bli skipa eit informasjonsmøte måndag 6. januar. Vi kjem tilbake med fleire detaljar om møte seinare.

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje.  

Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!
 

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør
 

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66