Nytt frå kommunedirektøren 12. mai 2023

Førde ungdomsskule fyller 50 år. Takk for dugnadsinnsatsen. Gratulerer med fagbrev. Vevring skule ryddar stranda. Ungdomsrådet tildelte midlar.

Gratulerer Førde ungdomsskule!

Fire bilde frå danseframsyning og ei stor gruppe ungdomsskuleelevar tek imot applaus. - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Førde ungdomsskule feirar 50 år. Resten av kommunen gratulerer!

I går kveld var eg saman med ordføraren og kommunalsjefen for skule, med på ei fantastisk framsyning i Førdehuset. Gjennom ord, musikk og dans tok dei fire 9. klassane oss med på ei reise gjennom tida skulen har vore der. Framsyninga utløyste latter, refleksjonar, ettertanke, men mest av alt ei beundring. Ei beundring for den måten elevane ber vidare arven av alt det gode ved Sunnfjordskulen.

I programmet til festforestillinga kan vi lese korleis tidlegare Førde kommune satsa på gode skular. Tidlegare lærar og rektor Kjell Skaaheim skriv om korleis skulen utvikla seg til å ligge i landstoppen både fagleg og på trivsel. Der ligg den framleis.

Dagens rektor Hallgeir Hamre framhevar at uansett kor skulen ligg (den flyttar til Hafstad om nokre år) så vil FUSK-kulturen leve. Det beste provet på det viste dei 106 9.klassingane som var på scena i Førdehuset torsdag kveld. Ei imponerande framsyning som syner at dei fører den gode arven vidare og på sitt vis tek med seg historia inn i framtida.

 

To blide herrar kostar fiskestien langs elva. - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Takk for innsatsen på ryddedugnaden!

Onsdag vart den stor ryddedugnaden gjennomført i Førde sentrum. Eg skreiv om den i førre nyhendebrev. No vil eg berre takke alle som stilte opp. Både ordføraren og eg reiste rundt i alle rodene og såg innsatsen som vart lagt ned. Det er kjekt å registrere initiativa som har kome om at dette må skje i heile kommunen. Vi var ikkje budd på den effekten, men gleder oss over smitta. Det vil difor vere aktuelt å kople på nærmiljøråda ved neste års dugnad. Korleis vi kan samarbeide om å gjere heile kommunen vakker til vår og sommarsesongen.

Dette var ein dugnad der mange stilte opp. Alle skal ha takk. Eg vil likevel i eit nyhendebrev frå kommunedirektøren takke tekniske drift, veg, vatn og avløp og leiarane der for den måten de stilte opp på. De var verkeleg på servicesida, før, under og etter dugnaden. Det hadde ikkje gått utan det de gjorde.

Vi skal ha ei evaluering 16. mai. Den skal vi bruke til å gjere neste års dugnad enno betre.

 

Maria B. Hetle , med Jølstravatnet og snødekte fjell i bakgrunnen. - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Gratulerer med fagbrev!

Vi snakkar om å vere attraktive, og må trekke til oss unge arbeidstakarar. Vi gjer det. Difor er det kjekt å melde at nokre av dei som vi har hatt i vår teneste har tatt fagbrev, og skal arbeide vidare i kommunen vår.

Helsefagarbeidarlærling Maria Birkeland Hetle frå Breim fekk fredag 5.mai bestått, meget godt på fagprøva i Skei Heimeteneste. Vi gleder oss over å få ein dyktig fagarbeidar med høg arbeidsmoral, med vidare.

 

 

Bilde av konteiner med plastsekkar med boss ved sida av - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Det vart rydda i Vevring også

Elevar og tilsette ved Vevring skule er aktive strandryddarar. Ein gong pr. månad tek dei med hanskar og plastsekkar og ryddar ei strand i nærområdet vårt. Dei finn plast, tau, flasker og andre gjenstandar som det er bra å fjerne frå stranda!  Gjennom samarbeid med Fjordane Friluftsråd har dei ein eigen container på skulen. Når det er lettvint å bli kvitt avfallet, blir det også enkelt å rydde. I går rydda dei i ei strand og nye sekkar å legge i containeren.

Elevane er motiverte og ivrige strandryddarar. Innsatsen dei legg ned er viktig for miljøet, samstundes som det er god læring for dei unge elevane.

Slik vert kommunen ein betre stad å bu!

 

Ungdomsrådet tildelte midlar til ulike tiltak

I Ungdomsrådet sitt møte måndag denne veka tildelte rådet midlar til ulike tiltak det vart søkt om midlar til.

  • Ulltang grendelag fekk 5000 kroner til planlegging og apparat til ny leikeplass.
  • Framsyn 4H fekk 10 000 kroner til å lage ei 9-hols diskgolfbane i Viksdalen.
  • Nausta 4H fekk 2 000 kroner til oppussing av møterom.
  • Elevrådet ved Halbrend skule fekk 7 000 kroner til høgtalarar.
  • Jølster KFUK/KFUM-speidarane fekk 10 000 kroner til klatreselar og klatresko.

 

Kommunedirektør Terje Heggheim takkar hovudtillitsvald i sjukepleiarforbundet Christine Toft Figenschau for servering av kake i kantina på Rådhuset. - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Gratulerer med dagen alle sjukepleiarar!

12. mai, fødselsdagen til Florence Nightingales er den internasjonale sjukepleiardagen. Dagen vert brukt til å feire sjølve yrket, men også fortelje verda kor viktig arbeid dei har. Difor serverte hovudtilltsvald i Sjukepleiarforbundet Christine Toft Figenschau, saman med andre, kake til alle i kantina på rådhuset. Vi takkar og gratulerer med dagen.

 

 

 

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

 

God helg til alle!

 Terje Heggheim
Kommunedirektør

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66