Nytt frå kommunedirektøren 10. mai 2024

Overskrifter denne veka: Førdepakken og parkering. Strategisk næringsplan for Sunnfjord.  Arbeid med ny sentrumsplan har starta opp. Hestad landskapsvernområde.

Førdepakken og parkering

Som de ser er det stor byggeaktivitet langs Hafstadvegen og Langebruvegen. Det skapar utfordringar med parkering. Det er nokså fullt på dagtid både ved parkeringa i Førde sør som har 2 timar gratis parkering (korttidsparkering), og Festplassen. Parkeringa sør for E39 ved gamle politistasjonen er etterkvart ferdig, men det står enno att litt arbeid. Her er det i dag plass til nokre bilar. Førdepakken vil vurdere tiltak dersom det blir vanskeleg å finne parkering.

For kommunen sin del har vi ei kommunal parkering sør ved rådhuset. Her gjeld regelen om 2 timar parkering (korttidsparkering) og skal nyttast til gjester og besøkande, ikkje tilsette som arbeider ved rådhuset. Desse bør nytte Festplassen eller andre stader til parkering.

Når Hafstadvegen er ferdig utbygd i september 2024, vil vi få eit hyggeleg og triveleg gatemiljø i Førde sør. Det blir rett nok færre parkeringsplassar som følge av eit mål om å legge til rette for dei mjuke trafikkantane. Samstundes er Førde ein bilby. Vi har snart 4 000 som pendlar inn og ut av Førde sentrum. Det er krevjande. Men det er også derfor vi har sett i gang arbeidet med Førdepakken. Vi må sikre at alle som skal på jobb eller har ærend i sentrum, finn parkering og kan kome seg raskt både inn og ut etter arbeidstid. Slik må det vere.

Strategisk næringsplan for Sunnfjord

For meg som kommunedirektør er samarbeidet med næringslivet heilt avgjerande. Trass i krevjande tider for mange, går det likevel bra i Sunnfjord. Vi er den største arbeidsmarknaden mellom Bergen og Ålesund. Sunnfjord utvikling er vårt nærings- og tiltaksapparat. Dei skal hjelpe nye etablerarar og legge til rette for at næringslivet kan utvikle seg vidare og skape ny aktivitet.

Det viser seg at kommunar som ser næringsutvikling som ein del av kommunen sitt arbeid for gode lokalsamfunn, lukkast i større grad med kommunal næringsutvikling. Det å utvikle og holde fast på en langsiktig strategi for næringsutvikling, er ei viktig side for å skape ein god kommunal næringspolitikk. Derfor er det kjekt for meg at vi legg fram ein strategisk næringsplan til politisk behandling – først i utval for næring og klima, deretter i kommunestyret 30. mai 2024.

For eit avspark

Mange menneske på møte i forsamlingslokale Larris. - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Tysdag kveld var over 160 samla på Larris for avspark i arbeidet med ny sentrumsplan. Det var med andre ord eit særs godt oppmøte. Ordførar Jenny Følling ønskte velkomen og deretter gjekk einingsleiar Odd Harry Strømsli og byplanleggar Julie Daling gjennom rammene for sjølve planarbeidet. Kveldens programleiar Anne Mette Hjelle losa oss gjennom resten av programpostane. Det var innslag frå Voss, og vi fekk erfaringar om korleis dei har arbeidd med tilsvarande plan. To frå Oslo Met understreka at det er viktig å ha grunneigarane med i planarbeidet. Det vil også vere avgjerande at grunneigarane samarbeider godt seg i mellom.

I eit videoinnslag fekk vi sjå og høyre kva folket i gata meinte om framtidig utvikling av byen.

Til slutt var det intervju og prat med seks utvalde som hadde sine meiningar om kva som vil vere viktig for utviklinga av sentrum i Førde. Nokre fokuserte på grøne lunger, møteplassar og areal til leik. For andre var sentrumsnær parkering viktig.

Dette er tema som heilt sikkert vert fokusert meir på i det vidare arbeidet med sentrumsplanen. Eg gleder meg stort over at så mange engasjerte seg ein fin vårkveld. Det lovar godt for det vidare arbeidet. Lat det bli innbyggarane sin plan, ikkje rådhuset sin!

Ope møte om forvaltningsplan for Hestad lanskapsvernområde

Ei gruppe står framfor Hestad kapell - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Hestad landskapsvernområde vart verna i 1971 for å ta vare på eit særmerkt og vakkert naturlandskap som ramme for kulturminne. Hestad kapell vart bygd i 1805 for å erstatte ei stavkyrkje som hadde stått der sidan mellomalderen.

Denne veka inviterte Statsforvaltar i Vestland til ope møte om framlegg til forvaltningsplan for området. Kultur og idrett stilte på møtet, saman med representantar frå grendelag, bedehus og naboar til landskapsvernområde.

Det er særleg brannfare, fartsgrense, autovern og bevaring av landskapet og kulturminne som opptok dei som møtte. Området bør helst ha minst mogleg moderne inngrep som bryt med kapellet og kyrkjegarden.

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

 

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66