Sunnfjord tredje beste berekraftskommune i landet
PwC har ein årleg rapport der dei rangerer kommunane etter kor berekraftige dei er. Denne veka kom rapporten for 2024. Sunnfjord kommune kom på tredje plass av 357 kommunar i landet. Det skal vi vere både stolt og glad for.
I rapporten kan vi lese at berekraft er delt inn i tre dimensjonar. 1) Klima og miljø, 2) Sosiale forhold og 3) økonomi og styring. På sosiale forhold er vi best i landet; på førsteplass.. Det er kjekt og samsvarar med andre undersøkingar, ikkje minst på trivselen til barn og unge i kommunen.
Om Norge skal nå berekraftsmåla må jo endringane skje i kommunane. Det er trass alt der folk bur. Når vi som kommune lukkast med dette arbeidet bidreg vi til at landet også gjer det betre.
Vi har framleis eit potensial når det gjeld økonomi og styring. Det er vi klar over. Difor er det så viktig at vi lukkast med omstillingsprogrammet vårt. At vi har ein pengebruk som speglar samansettinga av innbyggarane våre. Det er grunnen til at vi må flytte ressursar frå oppvekst til omsorg. Målet er at det skal vi få til utan at det skal gå ut over kvaliteten i tenestene vi gir.
No gleder vi oss over denne gode rangeringa i rapporten til PwC. Som kommunedirektør gratulerer eg organisasjonen og takkar alle tilsette som kvar dag går på jobb for gjere Sunnfjord til ein betre kommune å bu i.
Mission Zero
80 % av verdas avløpsvatn blir dumpa rett ut i miljøet! Eit nytt avløpsdirektiv i EU krev meir reinsing. Dette utfordrar kommunane massivt både juridisk, praktisk og økonomisk. Ei tilpassing vil auke dei kommunale gebyra dramatisk.
Mission Zero er eit interkommunalt samarbeid og utviklingsprosjekt for å hjelpe norske kommunar med å oppfylle nye krav til reinsing av avløpsvatn både med tanke på berekraft og nye strengare krav frå EU (avløpsdirektiv). Ambisjonen er 100% gjenvinning, eliminere alt utslepp av ureina avløpsvatn og gjenbruk av slam til jordforbetring.
Førde-verksemdene Renasys og Hellenes Bio har kvar for seg utvikla banebrytande teknologi som har potensiale til å løyse problemet/utfordringa. Reinseanlegget i Førde har vore testsenter for Renasys og Hellenes Bio. Teknologien til desse verksemdene er første steg i utviklinga av konvensjonelle avløpsreinseanlegg til framtidige ressursgjenvinningsanlegg.
Sunnfjord kommune er særs oppteken av å dele dette med heile kommune-norge. Mange kommunar har allereie sagt seg interessert i å delta i vidare utvikling av teknologien.
9. oktober starta monteringa av eit fullskala reinseanlegg basert på teknologien til Renasys, og til våren installerer Hellenes Bio eit fullskala anlegg for tørking av kloakkslam og produksjon av Bio-kol (pyrolisering) ved reinseanlegget i Førde. Etableringa av Renasys sitt reinseanlegg gjer at kommunen slepp å utvide det eksisterande anlegget til ein kostnad på om lag 100 millionar kroner.
Farvel til Jakob!
I dag fredag ser ekstremvêret Jakob til å gje seg. Det er framleis mykje vatn i bevegelse og kommunen held også vakt på viktig infrastruktur. Det har stort sett gått bra i kommunen, denne gangen også. I natt og i føremiddag hadde vi framleis vakt på vassverket på Vassenden. Vi måtte pumpe vatn ut av eit kjellar for at ikkje det skulle gå ut over nokre maskiner som sikrar vassforsyninga i området. Det ser ut til å gå bra no.
Elles hadde dei tekniske tenestene våre førebudd seg godt. I Firda kunne vi tidlegare i veka lese ein artikkel som handla om alle dei tiltaka som sektoren gjer for at følgjene av eit slikt ekstremvêr skal bli så små som mogleg.
I går sendte vi ut ei melding om at føresette henta barn i skular og barnehagar så tidleg som mogleg. Det var etter at vi hadde begynt å stenge nokre kommunale vegar.
Igjen vil eg takke alle tilsette som har stått på ekstra for at dette skulle gå bra. Takk!
Plan for helga?
Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!
Terje Heggheim
Kommunedirektør