Nye opningstider for sentralbordFrå 1. januar 2026 vert det nye opningstider på sentralbord i Sunnfjord kommune. Sentralbordet er ope måndag til fredag klokka 10.00–14.00 .Vi har gjort nokre endringar i telefonløysinga vår som vi vonar vert ei forbetring for dei som ringer til oss. Om du no ringer hovudnummeret til Areal og byggesak, Rekneskap og løn eller Førdehuset får du ei talemelding og eit tasteval. Dersom du veit kva du er ute etter, vil du kome direkte til ein saksbehandlar som kan hjelpe deg.Hovednummer til avdelingar:Areal og byggesak 57 61 28 00Rekneskap og løn 57 61 27 10Tildelingseininga 57 72 20 05Her finn du nummer til omsorgssenter i Sunnfjord kommune Dersom du ikkje heilt veit kven du skal kontakte eller har generelle spørsmål, ring sentralbordet 57 72 20 00 og vi vil hjelpe deg. Frå 1. januar 2026 vil sentralbordet vere ope klokka 10.00–14.00 måndag - fredag. Finn meir informasjon om telefonnummer og opningstider her Sist endra 15.12.2025 09.52