Nye gardsnummer frå 1. januar 2020

Naustdal sentrum - Klikk for stort bileteNaustdal sentrum Ullaland Tidlegare Gaular, Jølster og Naustdal har fått nye gardsnummer frå 1. januar 2020. Tidlegare Førde kommune beheld dagens gards- og bruksnummer. 

Nye gardsnummer for Gaular, Jølster og Naustdal

  • Gaular: Same gardsnummer som før, men det blir lagt til 100. Har du gardsnummer 20, vil du no få gardsnummer 120. Unntaka for Gaular: gardsnummer 247 til 251 er flytta til 230 til 234. 
  • Jølster: Same gardsnummer som før, men det blir lagt til 300. Har du gardsnummer 20, vil du no få gardsnummer 320. 
  • Naustdal: Same gardsnummer som før, men det blir lagt til 400. Har du gardsnummer 20, vil du no få gardsnummer 420.
  • Bruksnummer er det same som du hadde før. 

Kvifor skjer dette?

Alle eigedommar i Norge må ha eit unikt gards- og bruksnummer (gnr./bnr.) i det nasjonale eigedomsregisteret (matrikkelen). Innanfor kommunenummer 4647 (Sunnfjord kommune) kan det ikkje vere fleire eigedommar med same gnr./bnr. Difor fekk Gaular, Jølster og Naustdal nye gardsnummer ved overgang til Sunnfjord kommune 1. januar 2020.

Må du gjere noko?

Alle offentlege registre, som Folkeregisteret, Enhetsregisteret, NAV med fleire, vil få oppdaterte data frå matrikkelen automatisk. Du som eigar treng ikkje å gjere noko.