Nye alternativ for bru ved Førdehuset

Førdepakken presenterte 19. oktober to nye brualternativ ved Førdehuset for Sunnfjord kommune. Ei bru med T-kryss og ei bru med rundkøyring.

Kartutsnitt som viser to brualternativ: med rundkøyring og med t-kryss  - Klikk for stort bileteTo nye brualternativ for tiltak 1 ved Førdehuset vart presentert oktober 2023. Statens vegvesen

Alternativ for bru ved Førdehuset – alternativ 10

Det første forslaget er alternativ 10: Ei T-kryssløysing som går frå Angedalsvegen (frå Storehagen) og rett fram over Jølstra til Hafstad. På begge dei nye forslaga har ein gått ned frå vegstandard til gatestandard, slik at fartsgrensa på vegen er 40 km i timen og plassbehovet noko mindre. Det betyr at løysinga ikkje vil kome i konflikt med kunstgrasbana eller Laksen. T-krysset her vil kome der det tekniske bygget står i dag.

Alternativ for bru ved Førdehuset – alternativ 13

Det andre forslaget er alternativ 13. Her er brua trekt lenger mot Førdehuset med ei rundkøyring. Her går brua i 90 grader rett over elva ved dagens utkøyring frå Førdehuset. Denne løysinga vil ta nokre parkeringsplassar ved Førdehuset, men vil ikkje kome i konflikt med kunstgrasbana.

Meir informasjon finn du på Førdepakken sine sider