Ny innsynsløysing frå 8. mai 2024Sunnfjord kommune får ny innsynsløysing frå 8. mai 2024. Det blir litt endringar i måten postliste, dokument og saker blir vist på. Her får du oversikt over ulike måtar du kan få innsyn i kommuneverksemda på. Du finn og informasjon om retten til innsyn etter offentleglova.Postliste og innsynI innsynsløysinga finn ein oversikt over post til og frå kommunen. Her kan pressa og publikum enkelt følge med i saker som blir behandla av kommunen og bestille innsyn.Av omsyn til kvalitetskontroll blir dokumenta publisert med 2 - 3 dagars forseinking.Dokument som ikkje er skjerma i samsvar med offentleglova kan lesast i fulltekst direkte på innsyn..Dokument med personleg innhald som til dømes elev og personal er ikkje med på postlistene som er publisert på internett. Slik finn du fram i den nye innsynsløysinga Slik finn du saker og dokument i vår innsynsløysing:Bruk søkefeltet oppe til å søke etter tittel på sak eller dokument.Bruk filtreringsfeltet på sida til å velge dato eller periode. Du kan også filtrere på kva type dokument du vil sjå. Inngåande og utgåande dokument er post til og frå kommunen.Det er også mogleg å filtrere på kva type sak du vil sjå. Slik finn du fram i oversikten over politiske møte og saksdokument Du får først ei oversikt over kommande møte. I søkefeltet på sida kan du søke etter møte, råd eller utval. Bruk filteringsfeltet på sida til å filtrere på det råd og utval du vil ha oversikt over. I filtreringsfeltet kan du velge dato eller periode. I oppføringa for eit råd og utval vil du finne både møteinnkalling, saksdokument og ein oversikt over medlemmar. Møteprotokoll blir også lagt i samme mappe. Lenke til innsynsløysinga Sist endra 08.05.2024 15.09