Nokre glimt frå Frigjeringsjubileet i Sunnfjord kommune.

I år markerer vi at det er 80 år sidan 2. verdskrigen tok slutt. I ei verd prega av krig og uro, er det viktigare enn nokon gong å minnast kva fridom, likeverd og demokrati faktisk betyr – og ikkje minst kva det kosta å oppnå desse verdiane.

  • Sunnfjord kommune markerte Frigjeringsjubileet med fleire arrangement denne veka

    Vi har hatt arrangement i Naustdal, der forfattar Kjell Ove Noreide formidla historia om «Den svarte fredagen» – dei største flykampane over norsk jord under heile 2. verdskrigen. Meir om den svarte fredagen i Sunnfjord:

    På frigjeringsdagen 8. mai la ordførar Jenny Følling ned krans på minnesteinen på Bringeland, til minne om dei falne. Vi var samla på Festplassen for å feire fridomen og veteranane våre sin innsats under krigen og seinare i internasjonale operasjonar, og gjekk i tog med flaggborg til stemningsfull fredskonsert i Førde kyrkje.

    Under veteransamlinga i Førdehuset delte veteranane som var der sine historier. Blant dei Egil Hjelmeland som delte si historie frå då han som seksåring såg fleire av flya  styrta under «den svarte fredagen». Slike personlege historier gir oss innsikt og perspektiv – og minner oss om at historia ikkje er fjern, men noko som har forma både lokalsamfunnet vårt og nasjonen vår.

    «Også vi, når det blir krevet» står det i nasjonalsongen, då stiller vi opp. Vi utgjer ein forskjell – saman. For vi er ingenting utan dei vi har rundt oss. Samhald og vilje til å stille opp når det trengst, er vår styrke.

    Sidan Noreg igjen vart eit fritt land 8. mai 1945, har over 100 000 norske kvinner og menn deltatt i meir enn 100 internasjonale operasjonar i kampen for demokrati og menneskeverd.

    Tusen takk til alle samarbeidspartnarane våre som har bidrege til dei ulike arrangementa denne veka:

    Norges Veteranforbund for Internasjonale operasjonar, Heimevernet, Norges Reservistforbund, Luftkampmuseet, Førde hagelag, Førde kyrkje, Førde Musikklag og frivillige.

 

Arrangement på Luftkampmuseet

  • Aud Slettehaug orienterer om luftkampmuseet. Fotograf Gaute Singstad - Klikk for stort bilete
  • Foredrag «Svart fredag i krig og fred», ved forfattar Kjell Ove Nordeide. Fotograf Gaute Singstad - Klikk for stort bilete
  • Kjell Ove Nordeide fekk utdelt blomster v/ kommunalsjef for kultur og idrett Anita Nordheim. Fotograf Gaute Singstad - Klikk for stort bilete

 

Opptog med flaggborg til fredskonsert i Førde kyrkje – Førde musikklag spelar

  • Opptog med flaggborg. Fotograf Sunnfjord kommune - Klikk for stort bilete
  • Opptog med flaggborg. Fotograf Sunnfjord kommune - Klikk for stort bilete
  • Førde musikklag spelar i opptoget. Fotograf Sunnfjord kommune - Klikk for stort bilete

 

Fredskonsert og utstilling i Førde kyrkje

  • Korsong på fredskonserten i Førde kyrkje. Fotograf Sunnfjord kommune - Klikk for stort bilete
  • Ordførar Jenny Følling viser elevutstillinga om fred. Fotograf Sunnfjord kommune - Klikk for stort bilete
  • Musikkinslag på fredskonserten i Førde kyrkje. Fotograf Sunnfjord kommune - Klikk for stort bilete

 

Markering av Frigjeringsjubileet på Festplassen

  • Apell ved veteran Carsten Langeland. Fotograf Sunnfjord kommune - Klikk for stort bilete
  • Apell ved leiar i ungdomsrådet Andreas Borkamo.  Fotograf Sunnfjord kommune - Klikk for stort bilete
  • Apell ved veteran og leiar for NVIO Sogn og Fjordane Jan Kai Torvanger. Fotograf Sunnfjord kommune - Klikk for stort bilete

 

Ved minnestøtta på Førde lufthamn

  • Kransnedlegging ved minnestøtta på Førde lufthamn, Bringeland, og helsingtale ved ordførar Jenny Følling. 

     

    Oppstilling ved minnestøtta på Førde lufthamn. Fotograf Sunnfjord kommune - Klikk for stort bilete
  • Veteran Gunnar Solheim med Henriette Solheim og Elisabeth Solheim ved minnestøtta på Førde lufthamn. Fotograf Sunnfjord kommune - Klikk for stort bilete