No er valresultatet for Sunnfjord kommune klart!

Dei seint innkomne førehandsstemmene talde opp, og valstyret har godkjent møteboka. Sjå kven som vart valde inn i Sunnfjord kommunestyre for perioden 2023–2027. 

Personar i kø ved valurne illustrasjon - Klikk for stort bilete Gregory Idehen

Nøkkeltal for kommunestyrevalet 2023

  • 17 143 med stemmerett 
  • det var 65,1 % frammøte 
  • 45 % førehandsstemte

Valresultat 

Resultat for kommunestyrevalet 2023
Parti Resultat Medlemmer i kommunestyret
Senterpartiet 2353 (21,4 %) 8
Arbeidarpartiet 2302 (20,9 %) 8
Høgre 1624 (14,8 %) 6
Sosialistisk Venstreparti 1497 (13,6 %) 5
Venstre 1179 (10,7 %) 4
Industri- og Næringspartiet 466 (4,2 %) 2
Framskrittspartiet 445 (4,0 %) 2
Miljøpartiet Dei Grøne 410 (3,7 %) 1
Kristeleg Folkeparti 363 (3,3 %) 1
Raudt 197 (1,8 %) 0
Konservativt 157 (1,4 %) 0

Kven vart valde inn til kommunestyret? 

Under kan du sjå kandidatkåringa, altså kven som vart valde inn som medlemmer og varamedlemmer i Sunnfjord kommunestyre. Kandidatane med to stjerner (**) er medlemmer og dei med ei stjerne (*) er varamedlemmer. 

Sjå kandidatkåringa for Sunnfjord kommunestyre (PDF, 108 kB)

I kandidatkåringa ser du også kor mange personstemmer og slengarstemmer dei ulike kandidatane fekk.

Valstyret sine møtebøker