No er manntalet lagt ut til offentlig ettersynManntallet viser dei som har stemmerett i kommunen. Manntalet til stortingsvalet er lagt ut på tenestetorget på rådhuset. Manntal for sametingsvalet blir lagt ut 16. juli.Har du stemmerett?Du har stemmerett ved stortingsvalet om du er:norsk statsborgar,har fylt 18 år innan utgangen av 2025og er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i NorgeStår du i manntalet?Manntalet er ei oversikt over kven som har stemmerett i ein kommune. Om du har stemmerett, blir du automatisk innført i manntalet i kommunen du var registrert i folkeregisteret som busett i den 30. juni 2025. Dei som er innført i manntalet får tilsendt eit brev frå valdirektoratet om stemmeretten.Manntalet er lagt ut til offentleg ettersyn på Førde tenestetorg, som er ope frå måndag til fredag kl. 08.00–15.15.Står du ikkje i manntalet? Står ikkje namnet ditt i manntalslistene som er lagt ut, eller det er andre feil i listene, kan du klage til valstyret. Klagen må vere skriftleg og grunngjeven. Valstyret vil rette feil i manntalet så lenge det er praktisk mogeleg fram til valdagen.Adressa til valstyret:Sunnfjord kommune v/ValstyretPostboks 3386802 FørdeE-post til valstyret: postmottak@sunnfjord.kommune.no Sametinget sitt valmanntalSametingets valmanntal blir lagt ut 17. juli, i tråd med forskrift om valg til Sametinget § 8. Manntallet er tilgjengelig for gjennomsyn på Førde tenestetorg, som manntalet til stortingsvalet. Det er mogleg til å krevje retting av valmanntalet. Eit slikt krav må bli sendt sendt Sametinget på e-post: samediggi@samediggi.noeller som brevpost: Postboks 3, 9735 Kárášjohka-Karasjok.Sjå meir informasjon på Sametinget si nettside. Meir informasjon stemmerett og manntalet på kommunen si nettside. Sist endra 16.07.2025 14.24