No blir jordsmonnet i Sunnfjord kartlagt

Det er sesong for jordkartlegging og erfarne jordkartleggarar frå NIBIO er på besøk i Sunnfjord. NIBIO er eit statleg forskningsinstitutt eigd av Landbruks- og matdepartementet. Dei har det nasjonale ansvaret for kartlegging av jordsmonn på fulldyrka og overflatedyrka jord i Noreg.  

Kort om kartlegginga

Kartlegginga vil skje i perioden 2. september til 27. september. Elling Mjaavatten frå NIBIO vil leie kartleggingsarbeidet for Sunnfjord kommune i år.

Jordkartlegging er eit manuelt arbeid med bruk av enkle reiskapar.  Arbeidet skjer til fots med bruk av jordbor. Kartlegginga vil ikkje påverke jordbruksdrifta på eigendomane.

Grunneigar må varsle kommunen innan 26. august dersom:

  • nokon ikkje vil tillate kartlegging på eigen eigedom
  • det er registrert funn av skadegjerarar i jorda på eigedomen


Kontaktperson i kommunen: Ola Kvaal

Føremålet med kartleiinga

Føremålet med jordsmonnkartlegging er å dokumentere og stedfeste jorda sine eigenskapar som ressurs for å gje grunnlag for bevaring og god forvaltning av dyrkajord. Til no er 59 % av dyrka areal i Noreg kartlagt. I samarbeid med Statsforvaltar og kommunar er det planlagt kva kommunar som blir kartlagt.  I Sunnfjord kommune utgjer  dyrka mark 3,0 % av landarealet, og ca. 10,4 km2 blir kartlagt i år. 

Ved å undersøke tekstur og farge i jorda blir  eigenskapar som organisk materiale og evene til å drenere ein meter under bakken vurdert. Det blir laga temakart av jordsmonndata etter feltarbeidet.  

Meir informasjon om jordkartlegging

 

Kart over område i Sunnfjord kommune som blir kartlagt

kart over område i Sunnfjord som blir kartlagt - Klikk for stort bilete NIBIO


 Foto av jordprøver: Siri Svendgård-Stokke (NIBIO)

Kontakt

Ola Kvaal
Rådgjevar landbruk og miljø
E-post
Telefon 57 61 27 24

Arbeider med tilskot i jordbruket og nydyrking.