Dei ni plassane er:
- Berg/Svidalen v/Steinegga
- Berg/Svidalen v/Tindefjellet – 2 parkeringsplassar
- Dvergsdalsdalen v/Ola-hansfjellet
- Dvergsdalsdalen v/Leitet (skihytta)
- Årdalen (enden av kommunal veg/snuplass)
- Høyset i Stardalen
- Ålhus/Nedrebø
- Ålhus/Indrebø
Oversiktskart - syner plassering av dei ni toppturparkeringsplassane
Prosjektet hadde ei kostnadsramme på 1,2 millionar kroner. Kommunen bidrog med midlar og arbeidsressursar. I tillegg vart prosjektet finansiert av infrastrukturmidlar for reiselivet (fylkeskommunen), bidrag frå Jostedalsbreen nasjonalpark og Naustdal-Gjengedal verneområde. Vi fekk også spelemidlar til informasjonstavlene og tilskot frå Miljødirektoratet til parkeringsplassen som er statleg sikra friluftslivsområde.
Vi er i desse dagar i gang med å sette opp dei siste retningsskilta og betre informasjon om betaling.
Avtale om brøyting
Sunnfjord kommune har inngått brøyteavtalar med lokale entreprenørar/grunneigarar. Dette sikrar tilgjengelege og gode parkeringsplassar døgnet rundt, sju dagar i veka. Vi oppfordrar difor alle til å betale for parkeringa, slik at vi kan ha dette tilbodet, også i framtida.
Vi takkar alle som har bidrege i prosjektet undervegs. Spesielt grunneigarar som har vore positive frå dag ein og stiller areal til rådvelde for parkeringsplassar og ålmenta.
Prisar toppturparkering:
Årskort: 500 kr
Dagparkering: 50 kr
VIPPS til 83338 eller overfør til bankkontonr: 3705.32.58167.
Merk betalinga med registreringsnr. på bil
Avgiftene går i sin heilskap til å dekke brøyting og vedlikehaldskostnader på parkeringsplassane.
Døme på informasjonstavle
For meir informasjon – kontakt:
God tur! Vis omsyn til kvarandre, grunneigarar, viltet og naturen.