Naustdal tenestetorg vert stengt frå 1. juli 2024

Service-eininga vil framleis ha tilsette som har kontorplass på bankbygget i Naustdal, men det vil ikkje vere faste opningstider.

Du kan levere post til kommunen i postkasse på utsida av bankbygget. Denne vert tømt ein gong i veka.

Dersom du ønsker kontakt med kommunen, kan du besøke oss på Førde tenestetorg, ringe oss på telefon 57 72 20 00, sende e-post til postmottak@sunnfjord.kommune.no eller nytte eDialog

Du finn også mykje informasjon på nettsidene våre www.sunnfjord.kommune.no.

Kontakt oss