Mogleg å selje hjort som er felt under jakta til viltmottakHjort er ein viktig viltressurs i Vestland og om lag halvparten av all hjort som vert felt i Noreg vert skote i fylket. Det gjer at mange grunneigarar sit med eit stort overskot av kjøt. Ein del av dette kjøtet vert selt på den svarte marknaden, eller vert liggande som årgangskjøt i fryseboksen. Det er unødvendig.Dei siste to åra har Norsk Hjortesenter jobba for å utvikle hjortekjøtnæringa for å gjere meir viltkjøt tilgjengeleg for vanlege forbrukarar. Dette har no resultert i at 11 næringsaktørar i Vestland har gått saman i eit samarbeid for å kunne ta i mot meir hjortekjøt til foredling og sal til større marknadar.Lokalisering av desse aktørane/hentepunkt er vist i dette kartet: Norsk hjortesenter Kartet viser mottakspunkt for hjortekjøt i Vestland som tek imot villhjort.Dei ulike aktørane har ulik kapasitet og spesfikke krav til korleis og når slakt skal leverast. Det er difor naudsynt at jegerar som ynskjer å levere gjer avtale om det på førehand ved å ta kontakt direkte med mottaka.Aktørane er:1 Kjell Kristian Carlsen, Askvoll, tlf: 97 12 14 27 2 Kystvilt v/ Bjarte Midtbø, Fjaler, tlf: 97 71 85 283 Haugen gardsmat v/Odd og Kristine Ohnstad, Flåm, tlf: 91 53 90 26 / 91 80 39 42 Haugen gardsmat jegerinfo4 Maraas hjort v/Knut Maraas, Luster, tlf: 48 28 25 185 Tveit Gardsmat v/Kjell Vidar Øglend, Ølen, tlf: 40 49 62 50 Sist endra 02.09.2024 12.23