Meldingsteneste for å melde feil på veg, gatelys, vatn og avløpSunnfjord kommune tar i bruk ny meldingsteneste for å melde feil på veg, gatelys, vatn og avløp.Dette er ei kartteneste der ein først vel kva fagområde feilen gjeld ( veg, gatelys, vatn eller avløp), spesifiserer kva feilen går ut på, og peikar i kartet kvar feilen er lokalisert.Framgangsmåte for å melde feil For å opprette ei ny melding, klikk på Opprett ny meldingVel tema for feilen (t.d. veg, gatelys, vatn eller avløp)Vel ei beskriving av kva feilen gjeld (t.d. Mørk lampe)Fyll inn kontaktopplysningarFyll inn informasjon om kor feilen er ved å peike i kartetSkriv ein kommentar dersom du har fleire opplysningarKryss av for at du har lese personvernerklæringa, og trykk send inn Meld feil på veg, gatelys, vatn og avløp Sist endra 04.12.2024 09.59