Leige av lokale til Vaksenopplæring- og integrering

Eininga Vaksenopplæring- og integrering i Sunnfjord kommune treng nye lokalar for undervisning og administrasjon gjeldande frå 1. januar 2025

Bakgrunn

Eininga Vaksenopplæring- og integrering i Sunnfjord kommune treng nye lokalar for undervisning og administrasjon gjeldande frå 1. januar 2025.  Med bakgrunn i at situasjoner er uklar knytt til krigen i Ukraina, er det behov for fleksibel avtale gjennom leigeperioden. Dette fordi det ligg noko usikkerheit knytt til tal brukarar over tid. Dette kan føre til behov for opp- eller nedskalering på kort tid.
I dette dokumentet vil det gå fram både krav og ynskjer frå Sunnfjord kommune, som skal sette føringar for ei ny leigeavtale.

Arealbehov

Arealbehovet til lokalet er spegla til ca. 2 000 – 3 000 kvm. Dette vil kunne variere og avvike alt etter planløysing m.m.

Leigetid

Leigetida skal gjelde frå 1.januar 2025 og ha ei leigetid på 5 år. Vidare skal det vere ein uforpliktande opsjon på forlenging av avtala. Tal års forlenging avtalar ein i eventuelle forhandlingar. Opsjon må meldast inn til utleigar seinast 1 år før utgangen av leigeperioden.

Justering av avtala

Med bakgrunn i den uføreseieleg situasjonen eininga står i, må avtala kunne justerast fortløpande gjennom leigetida. Det skal vere moglegheit for ei årleg prosentvis opp- eller nedjustering av totalt leigeareal. Vi oppfordrar utleigar til å kome med forslag til eksempelvis maksimal prosentvis årleg endring.
I tillegg til dette kan eit alternativ vere at utleigar er open for at kommunen omdisponerer delar av arealet til anna intern eller eventuell ekstern bruk. Dette vil potensielt kunne ha innverknad på det faktiske behovet for opp- eller nedjustering av areal.

Prissetting

Det skal leggjast til grunn ein kvadratmeterpris for leigeprisen. Kvadratmeterprisen skal justerast ved eventuelle opp- eller nedjustering av totalt leigeareal (ref. punkt 3).
Ved eventuelle forhandlingar kan tilbydar også kome med eigne forslag til prismodell eller forslag til prising ved justering av areal i leigeperioden.

Lokalisering

Sunnfjord kommune er avhengige av eit attraktiv og godt tilrettelagt tilbod. Flyktningane er busett i store delar av kommunen, og mange av disse har ikkje tilgang til bil. Dei er i stor grad avhengige av bussforbindelsar og gå avstand mellom disse, for å få kvardagen til å gå opp på ein god måte. Ulike bussrutetider og busstoppar kan skape utfordringar. For å få til god integrering er det også viktig med gå avstand til servicetilbod som Rådhuset, biblioteket og tilboda elles i Førde sentrum. Dette må ein også kunne ha tilgang til i undervisningstida, då dette er ein del av opplæringa. Med bakgrunn i dette vert plassering av nye lokale ein viktig faktor for å oppretthalde eit attraktivt tilbod som vert nytta.
Vi ynskjer tilbod om lokale med ei lokalisering med nærleik og gå avstand frå Firda Billag Rutebusstasjon og Sunnfjord Rådhus.

Krav til lokala

I tillegg til ovannemnde punkter må følgjande krav også vere tilfredsstilt:

  • Etablering av sikker sone. Dette kan eksempelvis vere dør med automatisk lås inn til ein avdeling med tilgang via nøkkel eller brikke. Administrasjon, kontor, kontorplassar, resepsjon og 2 møterom skal vere innafor sikker sone. Undervisningslokale, venterom, 2 møterom og fellesareal elles kan vere utanfor sikker sone.
  • 18 kontor i tillegg til ytterlegare 15 kontorplassar. Av disse er 4 kontor til administrasjon, 13 kontor til programrådgjevarar, 1 kontor til helsesøster og 15 kontorplassar til lærarar. Kontorplassar til lærarane kan være i teamkontor frå 2-5 personar pr. kontor.
  • 10 store klasserom med plass til 20-25 elevar. Nokre av disse kan vere med skiljeveggar. 2 mindre klasserom med plass til ca. 15 elevar.
  • Eit stort datarom med kapasitet på opp til 50 datamaskiner. Dette kan alternativt vere fordelt på 2 mindre rom.
  • 6 møterom, der 2 er innanfor sikker sone og 4 utanfor. 1 rom som kan nyttast som bibliotek.
  • Toalett fasilitetar med kapasitet til ca. 150 personar. Spegla behov er 4 toalett for menn, 4 toalett for kvinner og 2 toalett for tilsette. 
  • Lokala må vere tilrettelagt for rullestolbrukarar. Dersom lokala går over fleire etasjar må det vere tilgang til heis.

 

Ved eventuelle tiltak eller tilrettelegging av lokala som følgje av ovannemnde punkter, må Sunnfjord kommune verte involvert for utforming av løysing.
Sunnfjord kommune tek atterhald om justeringar av ovannemnde krav.

Andre ønsker til lokala

For utan om punkta og krava i lista ovanfor, er det ytterlegare ønske til lokala. Disse punkta må ikkje vere innfridd for vidare forhandlingar.

  •    1 naturfagklasserom
  •    1 skulekjøkken.
  •    Auditorium.
  •    Verkstad/sløydrom.
  •    Tilgang til gymsal.
  •    Tilgang til uteareal.
  •    Lagerplass, med ynskje om 2-3 utstyrslager, forbrukslager og oppbevaringsrom.
  •    Opp til 30 parkeringsplassar for tilsette.
  •    Garderobeplass innanfor sikker sone.

Melde interesse

Dersom de kan innfri etterspurnaden og ynskjer å gå i vidare dialog med Sunnfjord kommune, kan ein melde si interesse på e-post til:

 Stian Midttun Jensberg :  stian.midttun.jensberg@sunnfjord.kommune.no


Ved innmelding kan ein også kome med forslag til dato og tidspunkt for felles synfaring av aktuelle lokale.

Kontakt

Stian Midttun Jensberg
Rådgivar
E-post
Mobil 95 02 48 08