Kulturprisen 2024 Sunnfjord kommuneStardalen mannskor har sidan oppstarten i 1936 formidla korsong til Sunnfjordingane. Sunnfjord kommune Koret har i så måte 90 års jubileum om drygt eit år. Koret har sine faste øvingar kvar tysdag i Haugtun forsamlingshus i Stardalen. I dei seinare åra har koret hatt meir prosjektbasert aktivitet som gjer til at øvingane også har hatt høgare frekvens i periodar.Mannskoret har greidd å fornye seg frå å vere eit mannskor i historisk forstand, til at dei har utvikla prosjekta sine til gjennomtenkte musikalske historie forteljingar. Dei har knytt til seg profesjonelle og kjende samarbeidspartnarar. Denne kombinasjonen av amatørar og røynde artistar gjer at konsertane får eit musikalsk høgt nivå med stor verdi. Dette kjem spesielt til syne i det siste prosjektet «Sound of the 60s» som i tillegg til to fulle konserthus i Trivselhagen på Sandane fylde Førdehuset til randen, ein søndagskveld i haust. Det må leggast til at dette var runde nummer to for desse konsertane, ein såkalla «ønskereprise» Første konsertturne` var i februar, på dei same stadane men då i tillegg i Sogndal kulturhus. Konsertane har totalt samla omlag 3000 publikummarar med si reise gjennom 60 åra i samarbeid med orkester, Torbjørn Gran, Einar Bolstad og Arve Uglum.Prosjekt i nyare tid som og må nemnast:2020 «Vi vandrar saman i Nynorsken skog» med Olav Stedje, Oddvar Torsheim og Arve Uglum. Her debuterte koret (etter fleire konsertar her lokalt) i Grieghallen i Bergen. Peer Gynt salen var nokre få seter i frå å ver fullsett.2021 « Lys til nattsvart jord» Julekonsert i tre kyrkjer. Gjest, Tomm Kristiansen. Korona pandemien hindra at kyrkjene fekk ta i mot alle som ville høyre på.2022 «Landet bakom blått» i samarbeid med Odd Erik Lothe.2023 Medverkande på utgivelsen «Summetonar» Odd Erik Lothe, Olav Stedje og Finn Tokvam. Felles for prosjekta har vore mindre øvingskonsertar i forkant på mindre arenaer. Her kan vi nemne: Stardalen, Skei, Sandane, Hyen, Ålhus, Innvik, Kjølsdalen, Fjærland og Hafslo. Dette har hatt god effekt med tanke på øvingsresultat og marknadsføring.Koret har vel 30 medlemar, hovudsakleg frå Sunnfjord men og nokre frå Gloppen. Musikalsk leiar er Trygve Apalset frå Sandane, som har vore arkitekten bak produksjonane. Trygvehar ei unik evne til å motivere og leie koret saman med andre musikarar, både på øving og konsert. Stardalen mannskor er å rekne for ein kulturell bauta i korsamanheng. I dei seinare åra har dei også vorte ei merkevare med sitt høge nivå. Ikkje berre i Sunnfjord, men også utanfor kommunegrensene. Sist endra 13.12.2024 14.44