Kulturnatt i Førde 2025

Fredag 13. juni 
Førde sentrum 

Gratis kulturopplevingar inne og ute

Kulturnatta er tilbake! Ein heil kveld der Førde sentrum fyllest med kultur, musikk, kunst, aktivitetar og opplevingar for store og små. Gater og torg blir til ei stor kulturscene, og det beste av det lokale får skinne!

Dette er ein folkefest der lag, klubbar, artistar, kunstnarar og frivillige samlast for å feire kreativitet og fellesskap – og du er sjølvsagt invitert!

Fullstendig program kjem snart – følg arrangementet og sida vår for oppdateringar!

Har du lyst til å bidra, stille ut, opptre eller arrangere noko? Ta kontakt – vi vil gjerne høyre frå deg!

Link til facebook-arrangement

Helsing
Kulturnattkomiteen;
Trude Skarvatun
Inge Larsen
Kari Valle
Anita Höllige
Mai Kristin Tidemandsen
Gro Gunnarson

Kontakt

Profilbilde av Trude Skarvatun
Trude Skarvatun
Rektor kulturskulen
E-post
Telefon 57 02 12 12
Mobil 41 50 59 70

Trude Skarvatun (trompet) vaks opp i Naustdal og har si utdanning frå Rogaland Musikkonservatorium og Gøteborg Musikkhøgskule. Etter endt utdanning jobba ho som frilansar i Gøteborg før ho fekk fast jobb ved kulturskulen i Førde. Først som distriktsmusikar, seinare som musikklærar, dirigent, inspektør og sidan 2010 som rektor. Ho har tilleggsutdanning i administrasjon og leiing frå Folkeuniversitetet og Norges Musikkhøgskule. Trude er elles aktiv i lokalt musikkliv og spelar i  Angedalen Brunnssextett og Mrs and the Pitifuls Rhythm'n Bluesband.