Kongens fortenestemedalje til Hilde Bjørkum!

Pressefoto, Førdefestivalen Leiaren av Førdefestivalen gjennom mange år har fått Kongens fortenestemedalje for innsatsen. Hilde jobbar no som kommunalsjef for kultur og idrett i Sunnfjord kommune. Vi gratulerer med kongeleg heider!

Utdeling av Kongens fortenestemedalje 4. juli 2020

Det var ei flott og høgtideleg markering då ordførar Olve Grotle delte ut Kongens fortenestemedalje på Sogn og Fjordane Kunstmuseum laurdag 4. juli til Hilde Bjørkum. 

Frå talen til Grotle under utdelinga:

– Hilde har lenge vore kulturdronninga vår. Ja, ikkje berre vår her i Sunnfjord altså. Nei, meir enn det. Hilde har både nasjonalt og internasjonalt blitt kjend som festivaldirektøren med flest gjennomførte festivalar, presentert sterke og utfordrande festivalprogram, og løfta fram nye kulturuttrykk og unge ukjende artistar. Og engasjementet! Hilde skaper engasjement som ingen andre - og kven har vel ikkje blitt smitta av utstrålinga hennar? Sjølv den minste konsert er eit under i Hilde sin munn – samtidig som ho har vist fram verda i Førde og Førde i verda. Då måtte det bli slik!

– Eg kunne eigentleg tenkt at det var Dronningas fortenestemedalje du skulle få, Hilde, ut frå ordspelet og slektskapen til den kulturdronninga du sjølv er. Men det er altså Kongens fortenestemedalje eg har den store ære å overrekke til deg. Då måtte det altså bli slik!

– Eg skal ikkje bruke meir tid på å liste opp alt godt, spennande og sprudlande du har gjort gjennom alle desse åra du har vore leiar for Førdefestivalen. Lista er nemleg veldig, veldig lang og dannar naturleg nok grunnlaget for søknaden som var sendt for denne høgst velfortente fortenestemedaljen.

Pressemelding frå Slottet 20. mai 2020:

Kongeleg heider til Hilde Bjørkum

Tildelinga er ei påskjøning for arbeidet Hilde Bjørkum har gjort, og det engasjementet ho har synt, for kulturen generelt og folkemusikken spesielt, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Utmerkinga får ho fyrst og fremst for innsatsen som kunstnarleg og administrativ leiar av Førdefestivalen i mange år. Bjørkum har vore ei drivkraft bak etablering og utvikling av denne festivalen, som under hennar leiing har vakse til å bli den største i sitt slag i Skandinavia. European Festival Association heidra i 2019 Førdefestivalen med EEFE award, som ein dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger.

Mykje av det Bjørkum har gjort må reknast som nybrotsarbeid. Med kreativitet, pågangsmot og stor gjennomføringsevne har ho skapt nye møteplassar for utøvande folkemusikarar frå inn- og utland. Ikkje minst har Bjørkum lagt til rettes for formidling av musikken til nye publikumsgrupper og medverka til større respekt og auka interesse for denne delen av kulturen både i media og samfunnet elles. Ho har markert seg som svært kunnskapsrik og kvalitetsbevisst, fast forankra i den sterke folkemusikktradisjonen, men òg strategisk dyktig til å utvikle festivalen i takt med tida.  

Hilde Bjørkum har dessutan lagt ned ein stor innsats på fritida, som aktiv utøvar av folkemusikk og dans, som instruktør og med tillitsverv i mange ulike organisasjonar. Som utøvar har ho særleg markert seg i dans, der ho saman med dansepartnaren sin har gått heilt til topps på Landskappleiken tre gonger, og vunne ein Kongepokal.