Kondolanse i samband med Hans Majestet Kong Harald V sin dødI samband med Hans Majestet Kong Harald V sin død legg kommunen til rette for kondolansar i og ved Førdehuset.Kondolanseprotokoll i FørdehusetDet blir lagt fram kondolanseprotokoll i utstillingssalen på Førdehuset.Salen vil vere open frå 28 august:fredag kl 12.00–18.00laurdag kl 12.00–18.00søndag kl 12.00–18.00måndag kl 12.00–18.00Alle som ønsker det er velkomne til å skrive ei siste helsing. Vi kjem tilbake til vidare opningstider over helga.For dei som ønsker å legge ned blomster, så er det lagt til rette for det framfor Førdehuset.Kondolanseprotokoll på omsorgssentra i kommunenDet blir lagt ut kondolanseprotokoll ved omsorgssentra i løpet av måndag 31. august.Kyrkjene i Sunnfjord kommuneKyrkjeklokkene i Sunnfjord kommune ringer frå kl 12 til kl 13 fredag 28. august, saman med kyrkjeklokker over heile landet.Førde kyrkje vil vere open frå kl 12 i dag, fredag 28. august. Der vil folk kunne møtast for å tenne lys, legge igjen blomster og skrive i kondolanseprotokollen. Foto: Sølve Sundsbø / Det kongelige hoff Sist endra 28.08.2026 14.57