Sunnfjord kommune

Kommunedirektøren sitt framlegg til årsbusjett 2023

Kommunedirektøren sitt framlegg til årsbusjett 2023

Kommunedirektøren la fram sitt framlegg til årsbudsjett for 2023 i formannskapet 3. november.  No har dei folkevalde overtatt stafettpinnen fram til årsbudsjettet blir vedteke i kommunestyret 20. desember.

Sjå kommunedirektøren sitt framlegg til årsbudsjett 2023

Kommunedirektøren sitt framlegg til årsbudsjett 2023 legg til grunn at det er nødvendig å redusere driftsnivået i kommunen med 71 mill. kroner.

Bakgrunnen for innsparingsbehovet er

  • meirforbruk i drifta i 2022
  • finanspolitisk innstramming i statsbudsjettet 
  • auka rentekostnad 
  • mindre utbytte som følgje av auka skattlegging av grunnrente for vasskraft 

Det er ikkje realistisk å klare heile innsparinga i 2023, så kommunedirektøren foreslår følgande grep: 

  • redusere driftskostnadar på 31 mill. kroner i 2023
  • redusere av driftskostnadar på 40 mill. kroner i 2024
  • stryke overføring til investering på 39,6 mill. kroner for å saldere årsbudsjettet i 2023.

Innsparinga i 2023 er fordelt på sektorane i forslaget til årsbudsjett. Ved å stryke overføring til investering får vi handlingsrom i 2023 til å planlegge omstillingstiltak for innsparinga i 2024. 
I tillegg blir det foreslått å utsette oppstart av fleire investeringar fram til vi får redusert driftsnivået. Investeringsbudsjettet blir redusert frå 306 mill. kroner i økonomiplan 2023 til 89 mill. kroner i årsbudsjett 2023.

Bakgrunnen for dette er: 

  • reduksjon av låneopptaket med 36,5 millionar for å dekke forventa meirforbruk i 2022 
  • reduksjonen av overføring til investering på 39,6 millionar for å saldere årsbudsjett 2023
  • reduksjon av spelemidlar (0,75 mill.), husbanktilskot (7 mill.) og momskompenasjon (21 mill.) som følgje av lågare investeringsaktivitet. 
  • kjøp av Hafstad vidaregåande skule, som utgjer 110 millionar, er skyvd til 2024 etter avklaring med Vestland fylkeskommune.

Om meirforbruket blir lågare kan vi auke låneopptaket ved behandling av årsrekneskapen for 2022 i april 2023. 

I det vidare arbeidet blir det jobba med å planlegge og prosjektere investeringar slik at dei er klare til oppstart når løyvingane er på plass. Det vil også vere nødvendig å legge fram politiske saker med avklaring på framdrift og eventuelt omdisponering av tidlegare løyving for enkeltprosjekt. 

Gjennom tolmodig og målbevisst arbeid og godt samarbeid mellom administrasjon og det politiske systemet, skal vi sikre gode tenester for innbyggjarane og vere ein viktig samfunnsaktør i Vestland fylke. Saman blir vi drivande gode.

Sjå fleire dokument og tidslinje for behandlinga av årsbudsjettet
 

Kontakt

Lise Mari Haugen
Assisterande kommunedirektør
E-post
Telefon +47 57 61 27 04
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon +47 91 10 12 66