Kommunedirektøren sitt framlegg til årsbudsjett, økonomi- og handlingsplan 2025-2028

Sunnfjord kommune står framfor ei økonomisk omstilling. Det er nødvendig å gjere innsparingar då driftsnivået i Sunnfjord kommune over tid har vore for høgt. Ambisjonsnivået på innsparingar er 121 mill. kroner i løpet av planperioden.

I tillegg er det nødvendig å gjere omstillingar då vi blir færre barn og unge og fleire eldre. Midlar må flyttast frå tenester med færre brukarar til tenester med fleire brukarar. Ambisjonsnivået på omstillingar er 64 mill. kroner i løpet av planperioden.
Målet med det samla innsparings- og omstillingsarbeidet på totalt 185 mill. kroner i planperioden er å oppnå ein stabil og føreseieleg økonomi i Sunnfjord kommune. Dette er nødvendig for å skape større handlingsrom til å kunne prioritere blant gode formål, og for å gje best moglege tenester til innbyggarane. Forslag til årsbudsjett, økonomi- og handlingsplan for 2025-2028 er derfor eit første steg for å oppnå denne målsettinga. Nivå på innsparing- og omstilling er i planen fordelt på dei ulike sektorane. Konkrete tiltak kjem i tenesteanalyse og eigne plandokument parallelt med politisk handsaming av dette dokumentet.  
 

Saka skal endeleg vedtakast i kommunestyre 13. desember.