Klipp hekken før skulestart!

Sunnfjord kommune oppmodar alle innbyggjarane om å klippe hekkane sine langs vegane før skulestart. Små og store barn på veg til skulen kan lett bli usynlege bak store hekkar og buskar, noko som kan føre til farlege situasjonar i trafikken.

Sikre siktlinjene

Hekkar og buskar som er for høge eller store, kan skjule trafikkskilt og hindre sikt ved vegkryss og avkøyrsler. Hekkar ved fortau kan òg tvinge fotgjengarar og syklistar ut i vegbana. Dette er spesielt viktig å unngå no når barna skal tilbake til skulen. Fri sikt er avgjerande for at bilistar, syklistar og gåande skal kunne oppdage kvarandre i tide og unngå ulykker.

Ditt ansvar

Som grunneigar er du pålagt å sikre god sikt langs eigedommen din. Dette inneber at hekkar og buskar må klippast slik at dei ikkje er høgare enn 50 centimeter ved avkøyrsler og vegkryss. Når du står tre meter inn i avkøyrsla di, skal du ha minst 30 meter fri sikt i kvar retning langs gang- og sykkelvegen.

Bidra til tryggleik

Kommunen ønskjer at alle tek ansvar for å gjere skulevegen trygg for barna. Ved å klippe hekkane dine bidrar du til å redusere risikoen for trafikkulukker og sikrar at barna våre kan gå og sykle trygt til skulen.

Takk for at du bidrar til å gjere Sunnfjord kommune til ein tryggare stad for våre barn!

For meir informasjon, sjå Trygg Trafikksi nettside.