Innhald i nytt omsorgssenter – Innspelsmøte 26. mai 2025

  • Tid: 26. mai klokka 18.00–20.00.
  • Stad: Sunnfjord Rådhus, 4. et.

 

  • Bakgrunn for møte

    Sunnfjord kommune skal bygge nytt omsorgssenter som skal stå klart i 2030. Omsorgssenteret skal vere i Førde og vi skal ha minst 70 nye institusjonsplassar, i tillegg til dei 165 plassane vi har frå før i heile Sunnfjord kommune. 

    Vi jobbar no med kva det nye omsorgssenteret skal innhalde. I prosessen ser vi dette i samanheng med dei fire omsorgssentera vi har i kommunen i dag. I samband med dette arbeidet ønsker vi å invitere til innspelsmøte.

  • To eldre menn på ein benk illustrasjon - Klikk for stort bilete