Informasjonsmøte om Førdepakken tiltak 15, 18 og 19

Magne Hafstad AS og Statens vegvesen inviterer naboar, grunneigarar, verksemder og andre berørte partar til informasjonsmøte om anleggsarbeida i Kyrkjevegen og Angedalsvegen.

13. august – klokka 18.00 – i gymsalen på Slåtten skule

På møte blir det orientering om prosjektet, planlagt arbeid, framdrift, trafikkavvikling, tilkomst og trygg ferdsel. Det blir òg høve til å stille spørsmål og kome med innspel.

Tema på møtet
- Kva arbeidet omfattar og korleis det blir gjennomført
- Framdrift og ulike fasar av anleggsarbeidet
- Trafikkavvikling, framkomst og tilkomst
- Tryggleik for gåande, syklande og mjuke trafikantar
- Informasjon, varsling og kontakt undervegs