Informasjon om kikhoste

Det er eit og anna tilfelle med kikhoste no også i våre kommunar, seier kommuneoverlege Bård Flattun Lilleeng.

FHI har oppdatert sine råd til befolkninga. Ein bør særleg merke seg  råda til foreldre med spedbarn og at vi alle vert oppmoda til å ta oppfriskningsvaksine kvar 10. år. Du kan finne opplysningar om vaksinestatusen din på Helse Norge, og du kan få oppfriskningsvaksine hjå fastlegen din. 

 Råda finn de på FHI sine nettsider