Informasjon om barnehageopptak 2026Det vart i formannskapsmøte 5. februar informert om barnehageopptak i Sunnfjord kommune 2026.Informasjon til formannskapet 05.02.26Alle barn som soknar til ytterkantane/grendene av Sunnfjord kommune har fått tildelt førsteprioritetSøsken har fått plass i same barnehage - gjeld heile Sunnfjord kommune Vi såg på førehand ei utfordring i høve Førde med tanke på søkjartal opp mot ledige plassarEtter at vi hadde fylt opp alle barnehagane i Førde mangla vi 38 plassar - det vil sei at 19 barn sto utan plass. Alle desse 19 har lovfesta rettFor å kunne tilby plass til dei 19 med lovfesta rett må vi bruke Solsida barnehage avdeling Haugum, og plassere barna som ikkje fekk plass i andre barnehagar i Førde. Her har vi hatt ei grundig vurdering på om vi skulle gå tilbake til dei som har plass i Haugum i dag og la dei bli i Haugum, eller om vi skulle halde fast på dei nye tildelte plassane dei har fått. Å gå tilbake og gjere ei endring i høve dei som har stått i prosessen om nedlegging no etter at dei har fått nye plassar vil vere å halde dei for narr. Vi har difor valt å bruke Solsida Haugum som ein bufferbarnehage i påvente av vedtak i sak om barnehagestruktur. Ved å gjere det slik har vi og eit handlingsrom med tanke på eventuelle tilflyttarar som har lovfesta rett, men som har søkt etter fristen. Sist endra 13.02.2026 09.30