Fritids- og meistringsgruppeTilbod for deg som har ASD (Autisme-spekter/ Asperger) som ønsker å bli meir sosial og som gjerne vil bli kjend med andre. Du synest gjerne det er utfordrande å snakke med andre. Kanskje kan det vere vanskeleg å innleie ei samtale eller å avslutte den. Mange har det slik. De vil kanskje kjenne dette att som ASD (Autismespekter/Asperger).Målet er at gruppa skal bli ein sosial møteplass for meistring og støtte.Velkommen til samling Måndagar klokka 18:00–20:00 27. januar 10. og 24. februar 10. og 24. mars 7. og 28. april 12. og 26. mai 16. og 30. juni Fast møteplass Vi tilbyr deg over 16 år ein fast møteplass, der du kan møte andre menneske i same situasjon og kanskje bli meir kjent med nokre av dei? Møteplassen er på Prestebøen 8 i tredje etasje. Bygget ligg ved sidan av Førdehuset og nokre kjenner huset som «gamle husmorskulen». Miljøpersonale Miljøpersonale vil vere tilstade og hjelpe til i gruppa. Dei arbeider til dagleg i helse- og omsorgseiningane våre i kommunen.Kva likar du å gjere saman med andre? På møteplassen vil det vere enkel mat og aktivitetar. Du er velkommen til å vere med å påverke og utforme innhaldet i gruppa. Er det noko du lurer på? Ta kontakt på telefon 48 21 62 04 Sist endra 30.01.2025 14.48