Framtidsretta skule – 15 års erfaring med fysisk aktiv læringVassenden skule i Sunnfjord har gjennom 15 år vist at fysisk aktiv læring kan bli vellukka gjennomført utan store kostnadar.Rektor ved Vassenden skule, Anne Cecilie Kapstad, fortel at ho i går brått hamna midt i maktsenteret. Då NOU-en om framtida til fellesskulen vart lagd fram i går, vart debatten til Høgskulen på Vestlandet om fysisk aktiv læring i skulen under Arendalsveka ekstra dagsaktuell.Kunnskapsministeren, Barneombodet og Forsvaret møtte professor Geir K. Resaland frå HVL og Anne Cecilie Kapstad for å diskutere korleis Vassenden skule skapar ein betre og meir aktiv skulekvardag. Med på laget for å utvikle modellen er òg unge dyktige Mathias Brekke Mandelid, med doktorgrad på baklomma.Utdanningsnytt har laga ein artikkel etter debatten og skriv om korleis Vassenden skule i 15 år har praktisert og lukkast med fysisk aktiv læring trass krevjande økonomi. Her kan du lese artikkelen til Utdanningsnytt Kapstad seier at henna oppleving var at professoren og rektoren frå gamle S&Fj. verkeleg vart lytta til i går. Vidare seier ho at det er utruleg kjekt å sjå at eit pedagogisk handtverk dei har brent for i snart 15 år, og som lærarar og elevar på Vassenden skule har vore med på å utvikle, no får den merksemda som dei meiner fysisk aktiv læring fortener i norsk skule! – Vi veit at vi har gjort mykje framtidsretta arbeid rundt fysisk aktiv læring på Vassenden. Håpar og trur at fleire vil ta del i dette pedagogiske tankesettet når vi saman framover skal forme framtidas fellesskule seier Kapstad. Sist endra 13.08.2026 15.27