Forvaltning av hjort i Sunnfjord kommune

Hjortebestanden i Sunnfjord skal forvaltast på berekraftig vis i et langsiktig perspektiv. Gjennom aktiv forvaltning skal hjortebestanden vere på eit nivå der skadane hjortebestandane gjer er mindre, enn verdiane dei skapar.

Mål for forvaltning av hjort i Sunnfjord

Sunnfjord kommune vedtok 8. februar 2023 nye mål for forvaltninga av hjort i kommunen. Saman med nasjonale regelverk set desse måla rammene for forvaltninga av hjort de kommande fire årene.

Overordna målsetting og hovudmål

Hjortebestanden i Sunnfjord skal forvaltast på berekraftig vis i et langsiktig perspektiv ut frå omsynet til biologiske prosesser, naturmangfald, ressursgrunnlag og samfunns- og næringsinteresser. Gjennom aktiv forvaltning skal hjortebestandens struktur og størrelse bidra til å sikre sunne og produktive individ som gir grunnlag for et haustbart overskot ut frå lokale forutsetningar. Måldokumentet presenterer hovudmåla og tiltak.

Hovudmål:

  1. Hjortebestandane skal reduserast. Sett-hjort pr. jegerdag-indeksane skal reduserast over tid.
  2. Kunnskapsnivået om hjorteforvalting, hjå jaktrettshavarar/grunneigarar og hjortejegerar, skal hevast.
  3. Gjennomsnittsalder, kondisjon (slaktevekter) og bukkedelen i hjortebestandane skal auke.
  4. Bestandsplanområde skal avgrensast slik at dei omfattar heile årsleveområde til hovuddelen av hjortebestanden som nyttar det aktuelle området.

For å nå måla og oppnå en reell endring i vekstrate, kondisjon og demografisk samansetning i bestanden, skal en legge opp til reduksjon av bestanden, ved å halde oppe kalve- og ungdyrdelen av uttaket/fellingane, og med overvekt av koller i avskytinga.

Måldokument for forvaltning av hjortevilt og Evaluering av måloppnåing Bestandsutvikling for hjort (PDF, 4 MB)

Evaluering av måloppnåing Bestandsutvikling for hjort