Forelder til ungdom? Du kan bli med i foreldregruppeBufetat sitt familiekontor i Førde tilbyr foreldreveiledning i grupper (ICDP), som ein møtestad for refleksjon, støtte og nye perspektiv.Ungdomstida kan vere fantastisk – og utfordrandeKorleis held vi kontakten når ungdomen trekk seg vekk?Korleis set vi grenser utan at alt blir ein kamp?Korleis kan vi vere den støtta ungdommen treng, samstundes som vi gir rom for sjølvstendigheit?Du er ikkje åleine om å stille desse spørsmåla.Velkomen til ICDP foreldregruppeICDP Ungdom er eit foreldreveiledningsprogram som hjelper foreldre med å styrke relasjonen til ungdomen sin gjennom refleksjon, erfaringsutveksling og auka forståing av ungdomen sine behov. Sjå meir informasjon om tilbodet på Bufdir si nettside: https://www.bufdir.no/familie/tilbud/icdp-grupper/ I gruppa møter du andre foreldre i same livsfase, og saman utforskar vi tema som:Kommunikasjon og samarbeidGrensesetjing og konflikthandteringUngdomen sine kjensler og behovKorleis bevare den gode relasjonenÅ vere ein trygg vaksen i ungdomstida Dette får du ✓ Auka tryggleik i foreldrerolla✓ Nye perspektiv på ungdomen sin kvardag✓ Konkrete refleksjonar du kan bruke heime✓ Moglegheit til å dele erfaringar med andre foreldre✓ Fokus på det som fungerer, og korleis byggje vidare på det Praktisk informasjon og påmelding📅 Oppstart: 31. august 2026🕒 Tid: 16.00–18.00📍 Stad: Familiekontoret i Førde, Storehagen 1B👥 Tal samlingar: 8 💰 Gratis deltakingICDP Ungdom er eit avgrensa tilbod ved familiekontoret hausten 2026, og det er “fyrstemann til mølla” prinsippet som gjeld. Foreldre må sjølve ta kontakt med Familiekontoret for å melde seg på, seinast 24. august 2026. Gruppa blir på om lag 6-8 deltakarar og to veiledarar.Kontakt for påmelding og spørsmål📞 466 19 280✉️ katharina.jamaris@bufetat.no Sist endra 10.07.2026 12.51