Førebyggande heimebesøk

Sunnfjord kommune tilbyr førebyggande heimebesøk til deg som fyller 75 år i inneverande kalenderår. Tilbodet er gratis og det er frivillig for deg som innbyggar.  

Tilbod om førebyggande heimebesøk

Målet er å vere til hjelp slik at alle kan leve gode liv i eigen heim også når ein vert eldre.  
Tilbodet om førebyggande heimebesøk er til deg som ikkje mottek andre helse- og omsorgstenester frå kommunen. 

Vi sender ut informasjonsbrev med dato for besøk. Du kan sjølvsagt ta kontakt om du vil endre datoen eller ikkje ta i mot tilbodet.

Kven kjem på besøk ? 

Det er sjukepleiar og fysioterapeut eller ergoterapeut som kjem på besøk. I samtale med deg kan vi komme med råd og tips som kan kome til nytte for ein best mogleg alderdom. 

Kva snakkar vi om på heimebesøk ? 

Tema for heimebesøk tilpassar vi til deg. Det kan vere til dømes:  

  • Fysisk aktivitet i eldre år, informasjonsbrosjyre
  • Butilhøve 
  • Tilbod og aktivitetar i Sunnfjord kommune  
  • Kosthald  
  • Kvardagsliv og sosialt nettverk  
  • Branntryggleik 
  • Fallførebyggande tiltak 

Informasjon om brosjyrar og aktivitetar:

Har du spørsmål?

Du kan kontakte Marita Brandsøy Lystad eller Ellen Karin Hugøy om det er noko du lurer på.

Kontakt

Profilbilde av Ellen Karin Hugøy
Ellen Karin Hugøy
E-post
Telefon 97 05 31 65

Førebyggande heimebesøk