Forbod mot bruk av open eld i skog og mark

Meteorologisk Institutt (MET) har sendt ut varsel om stor skogbrannfare på ORANSJE nivå for gamle Sogn og Fjordane, gjeldande frå 17.07.2025 til 25.07.2025.

Det er no svært tørt i terrenget og aukande skogbrannfare, og det skal lite til for å starte ein skogbrann

Skogbrannfare - Klikk for stort bileteSkogbrannfare

I tida framover oppmodar vi alle til å vere ekstra varsame, bruke sunn fornuft og unngå å gjere opp eld i naturen.

Samstundes vil vi be alle vere påpasselege om dei ser/kjem over uvettig bruk av eingongsgrill og eld.

I Noreg er det bålforbod frå 15.april til 15.september. Det er i denne perioden forbode å gjere opp eld eller behandle brannfarlege gjenstandar i eller i nærleiken av skog og utmark.