Folkehelseprofil for Sunnfjord kommune 2020

Halbrend skule, ballspel - Klikk for stort bileteHalbrend skule, ballspel Oskar Andersen Sunnfjord kommune har fått sin første folkehelseprofil og den syner at vi har mykje å vere stolte av i Sunnfjord kommune. 

Første folkehelseprofil for Sunnfjord kommune

Folkehelseprofilen vert utarbeidd av Folkehelseinstituttet. Temaet for årets profil er sosialt berekraftige lokalsamfunn. Sosialt berekraftige samfunn handlar om at innbyggarane har tillit til samfunnet og kvarandre, kjenner seg trygge, føler at dei høyrer til og har tilgang til arbeid, utdanning og gode nærmiljø. 

Mykje som er bra med folkehelsa i Sunnfjord kommune

Samanlikna med landssnittet har vi: 

  • Lågare andel som bur i hushald med låg inntekt
  • Færre åleinebuarar under 45 år
  • Ungdomsskuleelevar som er meir aktive
  • Høgare forventa levealder både blant menn og kvinner
  • Høgare andel innbyggarar med vidaregåande skule eller høgare utdanning i aldersgruppa 30-39 år
  • Svært god trivsel på skulen blant elevar i 10. klasse
  • Fleire som opplever det som trygt å ferdast i nærmiljøet og som er nøgd med lokalmiljøet
  • Lågare andel blant innbyggarane som har hjarte- og karsjukdomar

Nokre utfordringar i Sunnfjord kommune

Når det gjeld utfordringar i Sunnfjord kommune,  ligg vi over landssnitt når det gjeld innbyggarar som bur i leigd bustad i aldersgruppa 45 år og over, og vi har fleire skadar som er behandla på sjukehus enn landet elles. Sjølv om vi framleis scorar godt på at vi har lågt fråfall i vidaregåande skule, veit vi det er eit aukande problem også hjå oss.