Fleire kommunar i gang med digital heimeoppfølgingStadig fleire kommunar i landet går i gang med digital heimeoppfølging. Via ein app på telefon eller nettbrett kan du som innbyggar følge opp di eiga helse med støtte frå helsepersonell. Svare på spørsmål, sende meldingar, ha videosamtale eller gjere målingar av til dømes blodtrykk og puls som vert oversendt til appen trådlaust via Bluetooth.Sunnfjord kommune driv eit prosjekt som har omfatta fire kommunar i Helse Førde sitt område. No har endå to kommunar knytt seg til samarbeidet. Vi ynskjer Høyanger og Askvoll velkomne, og gler oss til å halde fram med å ta i bruk denne nye måten å arbeide på og i fellesskap finne gode og effektive løysingar for pasient og samfunn!I starten av september arrangerte vi tverrfagleg emnekurs ilag med Helse Førde og Søre Sunnmøre. 65 deltakarar fekk lære meir om digital heimeoppfølging og korleis dette kan bidra til å rigge oss til framtida. Bilder frå tverrfagleg emnekurs i september Sist endra 09.10.2025 09.01