Etablering av spesialisert rehabiliteringstilbod og korttidstilbod i Sunnfjord kommune Gregory Idehen Sunnfjord kommune vedtok ved oppstart av ny kommune at tilboda innan rehabilitering og korttidseininga skal spesialiserast.Ei prosjekt- og arbeidsgruppe i Sunnfjord kommune har siste året jobba med å etablere desse spesialiserte tilboda og dei er no klare for oppstart av avdelingane i februar 2021. Den nye korttidseininga er lokalisert på Førde omsorgssenter med 14 plassar +1 palliativt rom. Rehabiliteringseininga er lokalisert på Skei omsorgssenter med 7 plassar + 1 palliativt rom.Det er utarbeidd metodebok for tilboda med kriteria for inntak. Sjå metodebok (PDF, 491 kB)Møte med Helse Førde 11. februarSunnfjord kommune inviterte til eit møte med Helse Førde for å presentere det nye tilbodet og få tilbakemelding og innspel/avklaringar. For Sunnfjord kommune var det viktig å få snakke med Helse Førde for å få til eit godt samarbeid og samhandling om tilbodet og ei best mogeleg utnytting av ressursane dei har stilt disponible til føremålet, til det beste for brukarane.. Sjå presentasjonen som vart vist i møtet (PDF, 313 kB) Sjå referat frå møtet med Helse Førde (PDF, 670 kB) Sist endra 27.01.2025 10.29